Aktivitetar på Voss
Fleire sesongar – same destinasjon


Sommar på Voss
Når snøen forsvinn, opnar fjellet seg. Sommaren på Voss byr på fjellturar, gondolopplevingar, sykling, rafting, paragliding og forfriskande bad. Nokre dagar går i roleg tempo, andre får høgare puls – ofte utan at du treng å velja på førehand.
Vinter på Voss
På Voss er vinteren til for å brukast. Køyr alpint frå morgon til kveld, sving ut i frikøyring når pudderet fristar, finn flyten på langrenn eller byt ut skiheis med eigne steg på topptur. Gode matpausar gjer at du held koken litt lenger, og afterski gir liv når dagen glir over i kveld.




Finn vegen til Voss
Voss Resort ligg midt i hjarta av Fjord Noreg, berre 99 km frå Bergen og tett på Voss sentrum. Skianlegget har to velkomstsenter: eitt ved gondolbana i Voss sentrum og eitt i Bavallen, ca. 5 km frå sentrum.
Kva skjer hjå Voss Resort?
Her finn du eit utval av det som skjer i og rundt Voss Resort framover – frå aktivitetar og arrangement til helger som skil seg litt ekstra ut.
Meir å oppleva på Voss
Voss ei sjarmerande bygd som kombinerer levande sentrum med spektakulære naturopplevingar.
Gondolen midt i sentrum tek deg frå kaffikoppen til Hangurstoppen på ti minutt – med utsikt og kortreist mat rett rundt hjørnet. Voss er akkurat passe stort – du finn alt du treng innan gåavstand, og alt ligg til rette for ei heilskapleg oppleving.
Opplev stolte mattradisjonar, besøk lokale bryggeri, og nyt sesongbaserte rettar med utsikt på Hangurstoppen Restaurant.




Klar for å hoppa i det?
Nokre likar å planleggja, andre vil berre koma i gang. Treng du hjelp til å finna aktivitetar som passar for dykk, tek du berre kontakt – me hjelper gjerne, anten de kjem åleine, som familie, venegjeng, skule eller verksemd.



