Terrengparker


Alphaparken
Sjølve terrengparken finn du på Tråstølen, i øvre del av Alphaløypa. Med den nye Tråstølsheisen verdt denne lett tilgjengelig for fleire effektive runs.
I terrengparken vert det bygd fleire linjer med hopp, rails og jibs. Her skal det vera noko for alle nivå, nett sånn ein park bør vera.
Shapecrew står for bygging, vedlikehald og dagleg shaping av parken. Dei er leiande på parkbygging i Noreg og sørgjer for morosame og trygge parkar med høg kvalitet.
Voss har lange og sterke tradisjonar innan freestyle. Det er difor òg viktig for identiteten til bygda at denne kulturen vert teken vare på.
Leikeparken
I Badnakrokjen, ved Storastovo på Slettafjellet, finn du mindre hopp, rails og element til å leika på. Dette område vil passa dei fleste.
Sidan desse elementa er i Badnakrokjen vil dei vera snille. Elementa vil du finne til ski-høgre i løypa, med stort fokus på tryggleik for alle aldre. Mange likar denne vetle parken, fordi ein kan få mange rundar i Badnakrokjen på ein dag og det er kort veg til toalett og mat på Storastovo.
Ved siden av elementa i Badnakrokjen finn du og grillhytter, gapahuk og bålpanner. Så her kan heile familien kosa seg med skileik!


Kveldskøyring i parken
Hjå oss finn du 11 km lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype. Parken er sjølvsagt og ope når det er kveldskøyring. Eit av dei 10 beste kveldskøyringstilboda i Europa!
Kveldskøyringa i Voss Resort er noko for seg sjølv, og ein må berre oppleva det før ein skjønar kva det handlar om. Det er berre å samla gjengen til kvelds-shred etter jobb og skule!





