Punk Rock Ski Holiday – ski om dagen, punk om kvelden

5–6. februar 2027

Voss Pønkforening fyller fjellet med punk

Voss Pønkforening arrangerer for første gong Punk Rock Ski Holiday på Voss, og Voss Resort er med.

Fredag kveld startar det med quiz og live musikk på Café Stationen. Laurdag er det ski om dagen og konsert om kvelden, både oppe på Hangurstoppen og nede i sentrum att.

Fredag 5. februar
Kvelden startar med Punk Rock Quiz klokka 20:00 på Café Stationen, før det kjem to band på scena frå 21:30.

Laurdag 6. februar
Dagtid er det ski og aktivitetar på Voss Resort. I tillegg til å køyra bakkar kan du prøva isbading, speedriding, kiting, tandemparagliding eller ein tur i fjellet.

Klokka 15:30 kjem dei første banda på scena oppe på Hangurstoppen Restaurant. Seinare på kvelden held festen fram på Café Stationen, med band frå 21:30 og punkekaraoke frå 23:30.

Billettar
Heile helga kostar 720 kroner. Berre laurdag er 470 kroner, og berre fredag er 270 kroner. Skikort kjem i tillegg om du treng det.