Lavterskel sykkeltilbod for heile familien!
Utforske eit nytt og leikent sykkeltilbod rundt Hangurstoppen!
Ramper, downhill og ferdighetsløype
Eit variert utval av sykkelramper i ulike storleikar vert plassert rundt i området. I området rundt Hangurstoppen er det ei ferdighetsløype, og i Trollbakken har me ei micro downhill-løype.
Skibandet i Trollbakken går kvar dag kl. 10–15 fram til 16. august, og fraktar syklistar enkelt opp att til toppen.
Dette er eit lavterskeltilbod, spesielt tilrettelagt for barn, perfekt for å bygge meistring og sykkelglede.
Enkel gondoltur til toppen
Gondolen tek deg enkelt til topps, og er tilrettelagt for både små og store syklistar. Gondolen går kvar dag frå 1. mai til 18. oktober.
Sykkelvask
Treng du å vaske sykkelen før gondoltur, så finn du sykkelspylestasjon mellom Scandic Voss og gondolbygget.








Live kart – sjå kvar du er
Med vårt live‑kart får du ei enkel og trygg orientering i fjellet. Kartet viser di eiga plassering i sanntid, slik at du alltid veit kvar du er – rett på mobilen.
Posisjonen oppdaterer seg automatisk medan du er på tur, og gjer det lett å følgje ruta, halde oversikt og navigere trygt i terrenget. Perfekt for både nye og erfarne vandrarar.


Få full kontroll på turen med live‑kartet


MAT
Mat med utsikt
Hangurstoppen Restaurant ligg berre eit steinkast frå sykkeltilbodet på toppen.
Her finn du ein variert meny som passar både små og store. Vel mellom saftige burgerar, pizza og klassiske rettar, friske sommarsalatar og eigen barnemeny.









