Voss Resort – det beste skianlegget for studentar og ungdom

Med berre ein time reisetid frå Bergen til Voss, er Bergen sannsynlegvis ein av dei beste urbane basane for skientusiastar. Med grøn reiseveg kan du slå deg laus i Noregs beste skiterreng. Trygt og enkelt!

Studentpakke – 20 % rabatt på skikort og overnatting

Bu nær bakken og få mest mogleg ut av opphaldet! Pakka inkluderer rabatt på overnatting (inkludert utvask), studentprisar på skikort for 2–5 dagar, tilgang til kveldskøyring og gondolbillett inkludert i skikortet.

Studentrabattar

  • Studentrabatt på dagskort (vaksenpris).
  • Studentprisar på kveldskort, årskort og sesongkort.
  • 20 % rabatt på skiutleige.
  • Vy og Skyss tilbyr studentrabatt på periodebillettar og enkeltbillettar.

Desse får studentrabatt hjå Voss Resort:

  • Fulltidsstudentar ved høgskule, fagskule eller universitet.
  • Lærlingar med gyldig lærlingkontrakt (kontrakten må visast ved kjøp).

Studentrabatt gjeld ikkje for elevar på vidaregåande skule eller folkehøgskule. Studentbevis og gyldig dokumentasjon på betalt semesteravgift må visast ved kjøp.

Ungdomsrabattar

  • Ungdomsrabatt på dagskort og sesongkort for ungdom (7–19 år).
  • Ungdomsrabatt på skiutleige.
  • Skyss ungdomsbillett der du kan reise så mykje du vil i heile Vestland. Det betyr òg at du kan ta toget til Voss så ofte du ønskjer. Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med 20 år. Les meir om Skyss ungdomsbillett

Buss- og togtilbod

Gratis buss frå Voss til Bavallen og Tråstølen

Heile sesongen tilbyr me gratis buss torsdagar og fredagar kl. 19.00 frå Voss stasjon til Bavallstunet og vidare til Tråstølen, med fast retur sundag kl. 17.30. Eit enkelt og miljøvenleg transporttilbod for alle våre gjester.

Buss- og togtilbod

Togtilbod Voss–Bergen

Frå måndag til laurdag går det ei høveleg togavgang frå Voss kl. 21.08 til Bergen. Dette passar perfekt for kveldskøyring på Voss, og gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort.

Du kan velja å stå på ski heile dagen, eller berre ta ei kveldsøkt i dei flotte løypene våre. Når du er ferdig, er det berre å slengje seg på toget og lene seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!