Voss Resort for turoperatørar og reiseagentar

Me tek vertskapsrolla på alvor – og gjer vårt beste for å leggja til rette for turoperatørar, reisebyrå, media og presse som besøker Voss. Her finn de kontaktpunkt og nyttig informasjon for samarbeid med Voss Resort – frå første idé til gjestane står klare i fjellet.

Bestilling / innlogging Foto og video Kontaktinfo

Opplev Voss Resort – hjartet av Vestlandet

Voss Resort ligg midt i hjarta av Fjord Noreg. Her har du kort veg til både Hardangerfjorden og Sognefjorden. Voss er ein heilårsdestinasjon med sterke tradisjonar, spektakulær natur og eit rikt aktivitetstilbod. Frå jernbanestasjonen i sentrum tek gondolen deg direkte til fjellet på få minutt – kor Hangurstoppen med panoramautsikt, restaurant og eit mangfald av opplevingar ventar.

Enten du vil kjenne adrenalinet frå rafting og klatrepark, eller nyte roen på fjelltur, er Voss den perfekte plassen for både familiar, grupper og individuelle reisande. Her får du ei komplett Vestlandsoppleving – samla på éin stad.

Kvifor velje Voss Resort?

  • Enkel tilkomst frå både Oslo og Bergen
  • Gondol direkte frå togstasjonen til fjellet
  • Kort veg til Hardangerfjorden og Sognefjorden
  • Overnatting i hytter, leilegheiter og hotell
  • Aktivitetar som ski, fotturar, matopplevingar og luftsport

Faktaboks

  • Plassering: Voss ligg langs Bergensbanen, berre 99 km frå Bergen og tett på Voss sentrum.
  • Reise: Frå Bergen lufthamn kan du ta bybanen til togstasjonen, tog til Voss og gondol rett til Voss Resort – alt på under to timar.
  • Skianlegg: 40 km med preparerte løyper, 24 nedfartar og kveldskøyringstilbod.
  • Overnatting: Vel mellom lune hytter, moderne leilegheiter og utsikt mot snøkledde fjell
  • Nærområde: Kort veg til både Hardangerfjorden og Sognefjorden.
  • Miljøvennleg: Enkel og berekraftig reise med tog og gondol heilt fram til fjellet

Gondol

Me har Nord-Europas største og mest moderne gondolbane. Med gondolen får du enkel tilgang til spektakulær utsikt, flotte naturopplevingar, klassiske rettar på sitt beste – uansett sesong. Den har ni kabinar med plass til 35 passasjerar i kvar kabin. Gondolbanen er ope heile året og går kontinuerleg, slik at ventetida er minimal.

Hangurstoppen Restaurant

På toppen av gondolen, 808 meter over havet, ligg Hangurstoppen Restaurant – den største fjellrestauranten i Vossafjella, berre ein drøy time med tog frå Bergen. Her kan du ta ein pause og nyta god mat og drikke i unike omgjevnader.

Restauranten er ein naturleg stoppestad for både skientusiastar og turgåarar året rundt, med kort veg til skibakkar, langrennsløyper, panoramastien, skiband og skiutleige.

Bestilling og innlogging

Me bruker Citybreak som bookingsystem, der Sales Agent er løysinga for agentar og turoperatørar. Som turoperatør eller agent kan du logga inn via Citybreak sin salgsagent-portal for å handtera bestillingar og samarbeid med oss.

Logg inn som salgsagent

Logg inn CityBreak Sales Agent

Har du ikkje innlogging, men ynskjer å inngå avtale med Voss Resort som turoperatør eller agent? Ta kontakt med vår salgsavdeling for kontrakt og samarbeid.

Treng du hjelp?

Sjå brukarmanualen for Citybreak-salgsagentar.

Brukermanual Citybreak Salgs Agent