Vil du komma deg kjapt til toppen? Då kan du kjøpe toppturkort hjå oss

Randonée/topptur

Mange ynskjer å nytte skianlegget vårt til randonée/topptur. Skiløypene våre er forbeholdt alpin- og snowboardkøyrarar og det kan vera stor trafikk nedover, spesielt i helger.

Sjølv om dei som er på veg ned er ansvarlege, så kan det vera vanskelig å sjå deg som er på veg opp. Dersom du vil bruka anlegget til å gå topptur, ber me om at du forheld deg til våre oppmodningar knytt til ferdsel i anlegget.

Me oppfordrar til å kjøpa toppturkort og ta heisen til toppen av Horgaletten. Der i frå er det merka sti.

Bruk vår Randotrasè

I samarbeid med VossaRando er det merka ein eigen randotrase frå Bavallen, via Tråstølen og til Hangurstoppen.

Me oppmodar på det aller sterkaste om å nytta denne; Parker bilen ved ferista, til høgre rett etter avkjørselen opp mot Tråstølen. Herfrå går du over vegen og inn i Alphaløypa. Hald høgre side (godt ut i sida) av Alphaløypa opp og kryss Familieløypa forsiktig.

Løypa er deretter merka med bambusstikker med refleks til toppen. Løypa går utanfor nedfarten og er på ca. 5 km.

Randovett

Me ynskjer at alle skal ha ei trygg oppleving i fjellet. Ta ansvar for eigne val, vis omsyn til andre og ta vare på naturen.

Om ikkje ein kan forhalde seg til randovettreglane, må me diverre sjå oss nødt til å forby topptur i skianlegget.

Utenfor opningstid

Ferdsel i anlegget utanfor opningstid er forbundet med fare og me oppmodar sterkt om å ikkje opphalde seg i anlegget etter stenging.

Anlegget er i denne tida å rekna som eit anleggsområde. Det produseres snø, er snøscooter-trafikk og det prepareres med store maskiner. Nokre av maskinene bruker vinsj; ein stålkabel mellom trakkemaskina og eit vinsjfeste. Denne kan vera svært vanskelig å sjå, og om den skulle ryke eller om du kjem i kontakt med den er den livsfarleg.

På eige ansvar

Dersom du forlet løypene, ferdast med ski oppover i anlegget eller bruker anlegget utanfor opningstid – så gjer du det på eige ansvar.

Det vil seie at du må vera merksam på snøskred og ulike farar både i og utanfor løypene. Om ein skal ferdast i skredterreng, bør ein ha kunnskap om kamaratredning, skedterreng og skredfarevurdering.

Skredvarselet finn du www.varsom.no.

Skivett

Skiløypene våre er forbeholdt alpin- og snowboardkøyrarar. Det kan vera stor trafikk nedover, spesielt i helger.

Sjølv om dei som køyrer ned har ansvaret, kan det vera vanskeleg for dei å sjå deg som er på veg opp. Dette kan skapa farlege situasjonar. Dersom du ønskjer å bruka anlegget til topptur, ber vi deg følgja dei oppmodingane og reglane vi har for ferdsel i anlegget.

I løypene – på veg oppover?

Gå alltid i ytterkanten av løypa og ikkje gå fleire i bredden.

Ver ektra merksam ved bakketoppar og i svinger, slik at du ikkje skapar farlege situasjoner og kolliderer med ein skiløpar på veg nedover.

Sikkerheit i skianlegget

Det er viktig at du tek hensyn i skianlegget for å unngå å skade deg eller andre.

Nedenfor finn du meir informasjon om sikkerheit i skianlegget.