Bavallen Grand Prix
07:00–09:303. april 2027
Vintersesongens råaste lagkonkurranse!
Laurdag 3. april går startskotet for Bavallen Grand Prix, ein lagkonkurranse der alle kan delta, uavhengig av ferdigheiter.
I Bavallen Grand Prix kjemper hyttenaboer mot kvarandre, det er bedriftslag, vennegjenger, familielag og dei blodseriøse.
Medan nokre går all in for å få beste tid og har kvalifiseringsrundar for å bli ein del av eit lag, er andre med kun fordi det er moro – gjerne i utkledning.
Program for dagen
- 07:00 – Oppmøte Hangurstoppen
- 07:30 – Løparmøte
- 08:00 – Start Bavallen Grand Prix
- 09:30 – Frokost på Hangurstoppen etter rennet.
- 15:30 – Afterski med premieutdeling
Billettslepp 25. desember
Frå 1. juledag kl. 10:00 kan du kjøpe billettar til arrangementet. Ver tidleg ute og sikre deg plass.
Om Bavallen Grand Prix
Kvart lag består av fire personar, og alle skal gjennom ei lang og variert løype som slyngjer seg på kryss og tvers gjennom fjellet.
Arrangementet går føre seg tidleg om morgonen før skianlegget opnar, og kombinerer skikøyring, lagånd og god stemning.
Det vert premier til dei som får beste tid, men i tillegg har me også ei idealtid. Det betyr at ein kan vinne, sjølv om ein ikkje er raskast.
Me gler oss til å sjå deg i bakken!





