Voss er også for deg som har levd litt, men som nektar å setja tempoet heilt ned. På Voss handlar det om fridom, rørsle og gode dagar ute. Her treng du ikkje velja mellom aktiv eller avslappa. Du kan vera begge delar på same dag. Ta pausar når du vil, gå litt lenger enn planlagt, og la nysgjerrigheita styra – ikkje alderen.


Instaspots
Perfekt stopp for både kamera og kaffipause.


Hanguren Panorama
Ein liten, lett tilgjengeleg og fin tur. Heile året.


Hangurshusko
Høgt, fritt og ganske så minneverdig.


Paragliding
Norges beste og fineste Paraglider-start med alt ein paraglidarpilot kan ynskja seg.


Gondol
Me har Nord-Europas største og mest moderne gondolbane!


Fjell og vandretur
Her finn ein fleire merka stiar som passer for dei fleste.


Bading i Valbergstjørni
På dei varme daganen, så er det ingenting som slår litt frisk fjell luft og eit bad!
Alt på ein plass
Voss tilbyr eit mangfald av lettgåtte turar, god mat og spektakulær utsikt – alt tilgjengeleg med gondol frå sentrum. Her kan du ta dagen som han kjem, med korte turar, gode pausar og naturlege høgdepunkt. Alt ligg innan kort avstand.
Voss er ei levande fjellbygd med alt du treng for å få ei god oppleving. Her får du storslått natur, lokal mat og eit stort utval aktivitetar – samla på ein og same stad.


Velg mellom luftige opplevingar som gondoltur og tandem paragliding, adrenalinfylte aktivitetar som rafting og vindtunnel, eller ta det meir med ro med fjellturar, golf, kaféliv eller ei forfriskande stund i eit fjellvatn.
Du slepp lange reiser for å få mykje igjen. Og har du lyst på ein liten rundtur, er både Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein køyretur unna.
Midt i sentrum finn du gondolen. På ti minutt tek ho deg frå stasjonsområdet og opp til Hangurstoppen. Der oppe ventar vakker natur, tilrettelagde turløyper og ein restaurant med smakfulle rettar basert på lokale råvarer.
Velkomen til Voss – ei bygd med ekte opplevingar


Sov godt med fjellro og utsikt
Nyt lange, lyse dagar i vakre omgjevnader – med fjell, vatn og utsikt rett utanfor døra. Hytter og leilegheiter i Voss Resort gir deg ein komfortabel base for rolige turar, gode måltid og opplevingar i eige tempo.
Stiane på Hangurstoppen er lett tilgjengelege, og gondolen tek deg rett frå sentrum til fjellet – utan stress. Her får du natur og kvile i perfekt balanse.


Klar for nye opplevingar?
På Voss ventar luftige turar, spektakulær utsikt, god mat og fjellro – berre ein gondoltur unna. Vandrekartet vårt har 12 turar i ulik lengde og vanskegrad. Men du treng ikkje gå langt for å få store augeblikk.




Reis grønt – kom tett på naturen
Frå tog til gondol – og rett opp i fjellheimen. Voss ligg midt i den vakre vestlandsnaturen, med enkel reise frå både Bergen og Oslo. Toget stoppar midt i sentrum, og gondolen ventar rett ved. Hyttene ligg lunt og fredfullt, berre 10 minutt frå sentrum.

