Instaspots på Hanguren
På Hanguren finn du fleire av dei mest fotograferte stadene på Voss. Her ligg instaspots som Hangurshusko, utsiktspunkta langs stien, gondoltoppen og paraglider‑starten. Alt er lett tilgjengeleg på ein kort rundtur.
Om sommaren er det grønt, liv og svevande paraglidarar i lufta. Vinterstid byr Hanguren på snø, ro og heilt eige lys. Same plassar, nye uttrykk.
Ein enkel tur, lett å kome til – og fine bilete heile året.






























Instaspots – fine bilete året rundt
Vil du ha ein enkel tur utan å gjere det komplisert? Då er Hanguren Panorama midt i blinken. Denne korte rundstien ligg rett ved toppstasjonen på gondolen og passar like godt ein solrik sommardag som ein stille vinterdag med snø under skorne.
Langs ruta finn du fleire fine punkt der det er naturleg å stoppe opp litt, trekkje pusten og sjå seg rundt. Her får du Voss frå ovan, utan å måtte legge ut på lange turar.



