Mat og sosialt

Restaurantar og spisestader i Voss Resort

Hjå Voss Resort finn du fire serveringsstader, spreidde frå toppen av gondolen til bakkane i Bavallen. Øvst ligg Hangurstoppen Restaurant, 818 meter over havet, med panoramautsikt og mat laga på lokale råvarer.

Leitar du etter restaurantar på Voss med utsikt, eller berre noko varmt mellom to nedfarter, finn du begge delar her. Under ser du kva kvar av spisestadene serverer, kvar dei ligg og kven dei passar for.

Fire stader å eta hjå Voss Resort

Serveringsstadene våre har noko for ein kvar smak. Nokre er laga for eit måltid du set av tid til, andre for ein pause på tjue minutt med skistøvlane på.

  1. Hangurstoppen Restaurant ligg på toppen av gondolen, 818 meter over havet, og er den største restauranten i Vossafjella. Her et du varm mat laga på gode råvarer, med utsikt over Voss og fjella rundt. Restauranten er open heile året og tek imot både enkeltgjester, turgrupper og selskap. Passar for deg som vil ha eit ordentleg måltid med utsikt til.
  2. Storastovo ligg på Slettafjellet, midt i skiterrenget. Her serverer me hamburgar, pølser og suppe — mat du får raskt og et med utstyret på. På solrike dagar fyrer me opp grillen på terrassen. Storastovo held ope også under kveldsskikøyringa. Passar for den korte pausen i bakken.
  3. Gamle Hangursrestauranten har det mange meiner er den finaste utsikta på Voss! Passar for deg som vil ha noko anna enn vanleg fjellmat.
  4. Varmestova ligg i Bavallen, rett ved bakken. Her får du varm kakao eller kaffi, nysteikte bollar, panini og annan kioskmat. Varmestova held ope under kveldsskikøyringa. Passar for barnefamiliar og alle som treng ein rask pause utan å ta av seg skia.

Kva passar for kven?

Du skal Gå til
Ete middag med utsikt Hangurstoppen Restaurant
Ta ein rask lunsj i bakken Storastovo
Ete med barnefamilien Varmestova eller Storastovo
Kome med stor gruppe Hangurstoppen Restaurant
Ta afterski Hangurstoppen Restaurant
Halde møte eller selskap Hangurstoppen Restaurant


Vil du
eta på Voss med utsikt over heile dalen, er Hangurstoppen staden. Treng du berre noko varmt mellom to heisturar, held Storastovo og Varmestova til i skiterrenget.
 

Opningstider og sesong

Hangurstoppen Restaurant er open heile året. Storastovo, Gamle Hangursrestauranten og Varmestova følgjer vintersesongen, og fleire av dei held ope under kveldskøyringa. Om sommaren kan du ta gondolen til Hangurstoppen: han går dagleg frå 1. mai til 18. oktober.

Opningstidene varierer med sesong, vêr og driftstilhøve. Sjå alltid oppdaterte opningstider før du kjem.

Slik kjem du deg til Voss

Gondolen går frå Voss sentrum og opp til Hangurstoppen, 818 meter over havet. Reserverer du bord, kostar gondolbilletten 100 kr etter kl. 12, og som gjer ein middag på fjellet rimelegare enn du trur.

Storastovo, Varmestova og Gamle Hangursrestauranten når du frå bakkane i skisenteret. Sjå Reise til Voss Resort for veg, parkering og kollektivtransport.

Hangurstoppen Restaurant:
Fjellrestaurant med smak og spektakulær utsikt

Hangurstoppen Restaurant ligg på toppen av gondolen i Voss. Her får du gode smakar, servert med spektakulær panoramautsikt. Eit naturleg samlingspunkt for mat og drikke. Velkomen!

Hangurstoppen Restaurant

Reserver bord

Drop-in går fint, men på Hangurstoppen Restaurant tilrår me at du reserverer bord. Dettte gjeld særleg i helgane, i høgsesongen og om de er ei større gruppe. Då står bordet klart når du kjem opp, og du får gondolbilletten til 100 kr etter kl. 12.

Reserver bord Kjøp gondolbillett

Me har fire serveringsstader: Hangurstoppen Restaurant på toppen av gondolen, Storastovo på Slettafjellet, Gamle Hangursrestauranten, Varmestova i Bavallen og afterski på Hangurstoppen.

Reserverer du bord, kostar gondolbilletten 100 kr etter kl. 12. Elles gjeld vanleg pris.

Nei, drop-in går fint. Me tilrår likevel reservasjon på Hangurstoppen Restaurant i helgar, i høgsesongen og for grupper.

Voss Resort serverer mat som passar dei minste eventyrarane slikstorfeburger med pommes frites, pizza, kyllingnuggets med meir.