Hanguren Panorama

Ein lettgått panoramatur, midt på Hanguren

Ynskjer du ein lett og kort tur; prøv Hangur Panorama. Panoramastien er ein flott rundtur på ca. 800 meter, like ved toppstasjonen for gondolen. Hanguren Panorama er tilrettelagt for familiar med og utan barnevogn, og rørslehemma.

Rundstien er også startpunkt for paraglidarar, så her kan du stå på første rad og sjå utøvarane i det dei sklir utanfor kanten. Det er ikkje fritt for at pulsen kan auke litt berre ved synet.

Ein tur med utsikt

Langs panoramastien finn du fleire naturlege stoppunkt, mellom anna Hangurshusko, ein av dei mest populære instaspotta på Hanguren. Her får du både sug i magen og utsikt utover Voss.

Panoramastien gir deg god utsikt utan lange omvegar, og det er lett å stoppe opp, sjå seg rundt og knipse eit bilete eller to.

Hanguren Panorama – ein tur som funkar året rundt

Vil du ha ein enkel tur utan å gjere det komplisert? Då er Hanguren Panorama midt i blinken. Denne korte rundstien ligg rett ved toppstasjonen på gondolen og passar like godt ein solrik sommardag som ein stille vinterdag med snø under skorne.

Langs ruta finn du fleire fine punkt der det er naturleg å stoppe opp litt, trekkje pusten og sjå seg rundt. Her får du Voss frå ovan, utan å måtte legge ut på lange turar.