Kvar laurdag frå 19. desember 2026
Bli med på ei fartsfylt og kjekk oppleving i den 4,2 km lange familieløypa vår, frå toppen av Hangurstoppen til Bavallen.
Ei oppleving for heile gjengen
Aking med snowracer er ein aktivitet som passar like godt for ungdom som vaksne. Kvar snowracer er berekna for éin person. Det er plass til opptil 16 deltakarar per tur, og aldersgrensa er 10 år. Deltakarar under 18 år må vere i følgje med ein ansvarleg vaksen.
Skikort eller gondolbillett er ikkje inkludert i prisen og må kjøpast separat dersom du ikkje allereie har det.
Tidspunkt
19. desember – 15. januar
- Kvar laurdag kl. 15:30 (oppmøte kl 15:15)
16. desember – 11. april
- Kvar laurdag kl. 16:00 (oppmøte kl 15:45)
Ekstra aketurar i jule-, vinter- og påskeferien
- Onsdag 30. desember kl. 15:30
- Onsdag 17. februar kl. 16:00
- Onsdag 24. februar kl. 16:00
- Onsdag 3. mars kl. 16.00
Kle deg godt
Kle deg for vinterforhold. Hugs varme vintersko og eigne skibriller. Hjelm er inkludert og blir utdelt ved oppmøte.
Aktiviteten blir gjennomført ved minimum åtte påmelde deltakarar. Dersom minimumstal deltakarar ikkje blir nådd, vil du få beskjed i forkant.
Praktisk informasjon
- Oppmøte på Hangurstoppen 15 før start, med felles start før turen går ned til Bavallen.
- Varigheit på om lag éin time, inkludert oppmøte, utdeling av utstyr og aketur.
- Passar for dei fleste, og krev ingen tidlegare erfaring med snowracing.
- Maks vekt per deltakar er 90 kg.