Leige hytte på Voss

Hytter for deg som vil rett ut

Du kan velja mellom tre hytteområde i Voss Resort – Bavallstunet, Bavallslia og Tråstølen – alle med nærleik til fjellet, skiheisar og turterreng. Her finn du hytter som passar behova dine – anten du vil ha ei sjarmerande hytte tett på naturen, moderne komfort med spektakulær utsikt, eller ski-in/ski-out som standard.

Oversikt over alle hyttene

Tre hytteområde i Voss Resort

Bavallstunet – sentralt og lett tilgjengeleg

Bavallstunet er det mest sentrale hytteområdet i Voss Resort, med berre 100-500 meter til skiheis, resepsjon og servering. Her bur du i hytter samla i tun, med utsikt mot anlegget og fjella rundt.

Dette området passar godt for familiar og venegjengar som vil ha ein enkel og praktisk base, med alt i nærleiken.

Bavallslia – rolegare rundt hytta, like tett på fjellet

Bavallslia ligg like ved Bavallsekspressen og har ei litt rolegare plassering, med meir luft mellom hyttene. Samstundes er du framleis tett på opplevingane. Området gir ei god balanse mellom tilgjenge og privatliv.

Eit godt val for deg som ønskjer ei meir tilbaketrekt ramme rundt opphaldet, utan å flytta deg langt unna anlegget.

Tråstølen – moderne hytter i høgda

Tråstølen ligg høgare i terrenget, 2–3 km frå resepsjonen, og byr på moderne hytter i opne og naturnære omgjevnader. Her har du fjellet tett på, med skiområde og turterreng rett utanfor døra.

Tråstølen er for deg som vil renna rett ut i løypa om vinteren – og starta fjellturen i det du går ut døra om sommaren.

Standard og fasilitetar i hyttene

Hyttene i Voss Resort held gjennomgåande god standard og er tilrettelagde for sjølvhushald. Dei varierer i storleik og løysingar, men har funksjonelle rom, gode opphaldsareal og praktiske fasilitetar som gjer opphaldet komfortabelt – både for korte og lengre besøk.

Detaljar og utstyr varierer frå hytte til hytte, og kjem fram om du klikkar deg inn på dei ulike hyttene.

Spørsmål me ofte får om hyttene

Nei, me har dessverre ikkje elbillading ved hyttene. Næraste ladestasjon finn du ved YX Skulestadmo.

Ja, alle hyttene våre har eigen WiFi-kode. Du finn informasjon om WiFi i informasjonsmappa i hytta. WiFi-koden står også på ein merkelapp på TV-en.

Ja, det kan me sjå på. Ta kontakt med oss på post@vossresort.no, så undersøker me moglegheitene.

Me har ikkje eiga sykkelparkering ved hyttene. Næraste offentlege sykkelparkering er ved togstasjonen på Voss.

Pris på hytteleige varierer etter storleik, sesong og fasilitetar. Du finn oppdaterte prisar og ledige hytter her.

Du får tilsendt informasjon om innsjekk og nøkkeltilgang før ankomst. Dette kan variera avhengig av hytte og tidspunkt, men all nødvendig informasjon blir sendt til deg i forkant.

Finn di hytte på Voss

Er de ei større gruppe, fleire familiar som reiser saman, eller treng de ei tilpassa løysing? Me tek gjerne ein prat om hytter og område – og hjelper dykk vidare når de er klare. Berre spør i veg.