Jobb med utsikt?

Me er alltid på jakt etter dei beste kollegaene me kan få. Send oss gjerne ein open søknad, so tek me kontakt om det opnar seg opp aktuelle ledige stillingar. Open søknad sender du til post@vossresort.no.

Driftsteknikar

Bli driftsteknikar i Voss Resort og ver med å skape gode opplevingar i fjellet året rundt. Du held anlegget i drift og trivst med tekniske utfordringar i all slags vêr. Søk stillinga og bli ein del av laget vårt.

Sommarjobb på Voss Gondol – vertskap på stasjonen

Vil du vera med å skapa gode gjesteopplevingar i sommar?

Me ser etter ein positiv, utadvent og serviceinnstilt person som kan vera ansiktet vårt utad på stasjonsområdet i sommar. Jobben handlar om å møta folk med eit smil og inspirera gjester til å ta turen opp med gondolen.

Du må trivast med å prata med menneske og vera komfortabel med å ta kontakt. Me ser gjerne etter ein sporty og energisk person, men det viktigaste er at du er blid, trygg og glad i folk.

Arbeidsoppgåver:

  • Vera synleg og tilgjengeleg på stasjonen
  • Snakka med gjester og informera om gondolen og opplevingane på toppen
  • Inspirera fleire til å ta turen opp

Praktisk informasjon:

  • Periode: 20. juni – 16. august
  • Arbeidstid: kl. 10–13
  • Arbeidsstad: Voss Gondol

Høyrest dette ut som noko for deg?

Send ei kort melding om deg sjølv til Bente Brekke på bente@vossresort.no. Me vurderer søknader fortløpande.