Julekarusell med Hilde Selvikvåg

18:00–19:1512. desember 2026

Julekarusellen er Hilde Selvikvåg si eiga juleturné, ein nær og stemningsfull julekonsert som rullar innom små og store perler rundt om i landet.

Hilde Selvikvåg er artist og låtskrivar frå Jæren, kjend for fengande melodiar og personlege tekstar på klingande jærdialekt. Ho står bak låtar som «Karusell», «Anemone» og «Fryd», som alle har fått mykje speletid på radio. I fjor kom også hennar første julesong, «Jul i Tivoli», som gjekk rett inn på spelelistene til NRK P1.

I Julekarusellen tek Hilde med seg eigne julesongar, kjende julefavorittar og låtar frå sin eigen katalog, og inviterer til ein varm førjulskveld der musikken og staden saman skaper ei heilt spesiell ramme.

Laurdag 12. desember kjem Hilde og Julekarusellen til Voss, og denne gongen går turen heilt til topps!

Ta gondolen til Hangurstoppen og bli med på ein heilt unik julekonsert, med vintermørket, fjella og utsikta over Voss som spektakulære kulissar. Her ligg alt til rette for ei stemningsfull førjulsoppleving utanom det vanlege.

Praktisk informasjon

  • Dørene åpner kl. 16.00
  • Konsertstart kl. 18.00
  • Barn under 7 år går gratis på konserten og gondolen

Gondolbillett

Gondolbillett kjem i tillegg til konsertbilletten og må kjøpast separat. Treng du gondolbillett, kan du kjøpe kveldsbilletten vår til gondolen. Billetten kostar 100 kr. Hugs å velje rett dato, laurdag 12. desember, når du kjøper billetten.

Gjer gjerne litt ekstra ut av førjulskvelden! Det er mogleg å bestille bord og nyte middag på Hangurstoppen Restaurant før konserten. Bordbestilling skjer direkte hjå restauranten. Gondolbillett kjem i tillegg til konsertbilletten og må kjøpast separat.

Vi tilrår at du set av god tid til gondolturen og eventuell middag før konsertstart.

Velkomen til Julekarusellen på Hangurstoppen!

Hangurstoppen Restaurant stengd 14. oktober

Hangurstoppen Restaurant held stengt onsdag 14. oktober grunna privat arrangement. Gondolen går som normalt, og området på Hanguren er ope for alle besøkande.