Leilegheiter i Voss Resort
Ein fast base. Kort veg ut.
Leilegheitene i Voss Resort ligg i Bavallstunet – midt i anlegget, tett på fjellet og utan unødvendige omvegar. Her bur du komfortabelt og oversiktleg, med eigne rammer og alt på plass. Dette er for deg som vil bruka energien ute – ikkje på logistikk.


Bavallstunet – midt i det
Leilegheitene ligg samla i Bavallstunet, med kort avstand til skiheis og resepsjon. Avstanden til skiheisane er om lag 500 meter. Du bur sentralt, utan å måtte styra med transport og logistikk.
Bavallstunet passar for par, familiar og venegjengar som vil halda opphaldet enkelt – og ha alt innan rekkevidde. På vinterstid er det også afterski i Bavallstunet på laurdagar.


Komfort utan dill
Leilegheitene gir deg ein praktisk og komfortabel base midt i anlegget. Her bur du praktisk og utan unødvendig styr, med løysingar som gjer det lett å koma seg ut – og enkelt å landa igjen når dagen er over.
Kort fortalt:
- Storleik: 35-41 kvm
- Eigen altan med utsikt mot fjell og vatn
- Eitt soverom med dobbeltseng
- Sovesofa i stova
- Kjøken med komfyr, kjøleskåp, fryseboks og mikrobølgeomn
- Oppvaskmaskin og vaskemaskin
- WiFi og kabel-TV
- Dyner og puter av god kvalitet
- Innreiinga varierer, men nivået er gjennomgåande solid.
Du tek med sengetøy, handkle og eventyrlyst. Resten fikser me.


Ta dagane slik dei kjem
Leilegheitene ligg slik at du kan ta vala undervegs. Ut tidleg. Heim seint. Eller motsatt. Fjell og aktivitetar ligg tett på, og utflukter til Hardanger eller Sognefjorden er fullt mogleg som dagsturar.
Dette er ein stad å bu når du vil ha fridom til å bruka dagane slik dei kjem.
Saker og ting fleire lurer på
Finn leilegheita som passar
Er de fleire som reiser saman, eller vil de berre vera sikre på å velja rett? Me tek gjerne ein prat for å peika deg i rett retning.

