Voss – den råaste aktivitetsbygda i Noreg!

Grenselaust med opplevingar – alt samla på Voss

Voss er ei bygd der sentrum og natur heng tett saman. Her kan du kombinera rolege dagar med aktivitetar som tandem fallskjerm og tandem paragliding til vindtunnel, klatrepark, sykling, rafting, fjellturar, golf og eit bad i elva. I tillegg er Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein liten køyretur unna. Her treng du ikkje køyre langt for å få mykje.

Gondolen tek deg frå kafébordet til Hangurstoppen på ti minutt og gjev enkel tilgang til utsikt og gode måltid. Avstandane er korte og det meste ligg innan gåavstand.

Hangurstoppen Restaurant

Nyt gode måltid med storslått panoramautsikt over Vossafjella! På toppen av Hanguren, med gondolen som næraste nabo, finn du Hangurstoppen Restaurant. Eit samlingspunkt i fjellet der god stemning og nydeleg utsikt går hand i hand.

Restauranten ligg 808 meter over havet og byr på servering og kafé, alt lett tilgjengeleg rett etter gondolturen.

Overnatting – kort veg til det meste

Enten du vil vakna til utsikt over fjell eller berre ha kort veg til alt, så har Voss Resort hytter og leilegheiter som passar perfekt for deg.

Bu komfortabelt midt i opplevingane, med aktivitetar rett utanfor døra, tilgang til gondol og stiar, barnevenlege område og enkel tilgang til mattilbod og service.

Hjå oss bur du midt i naturen, men samtidig nær nok til å stikka ned til sentrum for ein is eller ein god kaffikopp.

Voss – enkelt å nå, vanskeleg å forlata

Midt mellom fjord og fjell, berre 1,5 time frå Bergen – og med gondol rett frå togstasjonen. Reis med tog, buss eller bil frå Bergen eller Oslo. Gondolen startar i sentrum – hyttene ligg berre 10 minutt unna.

Klar for å hoppa i det?

Nokre likar å planleggja, andre vil berre koma i gang. Treng du hjelp til å finna aktivitetar som passar for dykk, tek du gjerne kontakt.

Me hjelper både deg med å leggja til rette for ein god sommar på Voss.