Hangurstoppen – panoramautsikt, turar og mat på sitt beste
Med gondol kjem du enkelt frå sentrum til fjells på under ti minutt. Gondolen er open heile året og gjev deg enkel tilgang til spektakulær utsikt, flotte naturopplevingar, god mat og ei rekke aktivitetar – uansett sesong. Gondolbanen går kontinuerleg, slik at ventetida er minimal.


Ein gondol – eit mangfald av moglegheiter for aktivitetar
Ein tur med gondolen er mykje meir enn kun ein gondoltur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar.
Kjøp gondolbillett
Dei fleste billettane våre kan du enkelt kjøpe på nett. Det sparar deg for tid og gjer at du slepp kø ved billettluka. Har du kjøpt tur/retur eller einvegsbillett på førehand, kan du gå rett til gondolen.


Matoppleving 818 meter over havet
Hangurstoppen Restaurant, i hjartet av Voss Resort, har store vindaugsflater og eit flott uteområde som gjer at naturen blir ein del av måltidet og verkeleg gir deg følelsen av at du er på høgfjellet.
Menyen vår er smakfull og full av favorittar: ferske salatar, steinbakt bruschetta, kremete pasta, kraftige gryter, saftige burgarar, fisk- og kjøtrettar, og steinomnsbakte pizza.


Dagskort og keycard
På dagskorta våre kan du velja å bruke eit eksisterande keycard og lade det opp direkte på nett. Då kan du gå forbi billettkøen og rett til vendekorset ved gondolen. Kjøper du dagskort med nytt keycard, må du hente kortet i ein av billettautomatane våre.
Du kan også kjøpe sesongkort og årskort på nett.
Prisar
Me tilbyr fleire typar kort, slik at du kan velja det som passar deg best. Sjå alle prisar her.
Billettautomat og gjesteservice
Du kan kjøpa gondolbillett på våre billettautomatar både på nedre og øvre stasjon. Treng du sykkelbillett, får du kjøpt den hjå Gjesteservice.






































Grønn reiseveg
Det er enkelt å reisa til Voss med både bil, buss og tog, både frå Bergen eller Oslo. Den nedre gondolstasjonen ligg rett ved Voss stasjon, der buss, tog og taxi møtast. Dette gjer det svært enkelt for reisande å komma seg vidare til fjells på ein miljøvennleg måte. Reiser du frå Bergen stasjon, tek det om lag 1,5 time frå du går om bord på toget til du står på Hangurstoppen.





