Gratis føredrag med Magnus (23): Yngste nordmann på Everest
19:00–20:308. januar 2027
Bli med Magnus Rørbakken gjennom dødssona til toppen av Mount Everest. Eit gratis foredrag om mål, motstand og meistring.
Kva skjer når vi sluttar å spørje oss sjølve om alt som kan gå gale – og heller byrjar å tenkje: Tenk om det faktisk går bra?
Magnus Rørbakken tek oss med på ei spektakulær og personleg reise frå frykt og uvisse til toppen av verdas høgaste fjell, Mount Everest.
Natur, trening og fjell har alltid vore ein del av livet hans. Likevel var ikkje mot og store ekspedisjonar ei sjølvfølgje. Magnus har sjølv kjent på frykt, mellom anna for høgder, og nettopp møtet med eigne grenser vart starten på ei reise som etter kvart skulle føre han til nokre av verdas høgaste fjell.
I 2024 besteg han Manaslu, 8 163 meter over havet. Seinare venta den ultimate utfordringa: Mount Everest – 8 849 meter.
Praktisk informasjon
- Tid: 8. januar, klokka 18:00
- Stad: Hangurstoppen Restaurant
- Pris: Føredraget er gratis. Treng du skyss opp, kan du kjøpe kveldsbillett for 100 kroner. Hugs å velje rett dato, fredag 8. januar, når du kjøper billetten.




Å våge å satse
Dette er ikkje berre eit foredrag om fjell. Det handlar om mål, frykt, meistring, motgang og motet til å utfordre grensene vi set for oss sjølve.
For kor ofte bestemmer vi oss for at noko ikkje er mogleg før vi eigentleg har prøvd? Vi brukar alder, erfaring, økonomi, manglande nettverk eller frykta for å mislukkast som argument for å la vere.
Magnus utfordrar oss til å snu tankegangen: Kva kan skje dersom vi faktisk vågar å tru at det er mogleg?
Gjennom sterke bilete, video og personlege historier tek Magnus publikum med frå dei første førebuingane til Everest Base Camp, gjennom Khumbu Icefall, ekstreme høgder, skredfare og uføreseielege situasjonar – og vidare inn i dødssona og dei siste krevjande timane mot toppen.



