Ski- og oppbevaringsskap i Voss Resort

Me har ski- og oppbevaringsskap for både dagleige, samt langtidsleige. Skapa finn du på Hangurstoppen og på Voss Skihotell ved Scandic.

Korttidsleige Langtidsleige

Bestill korttidsleige på Hangurstoppen

Ved Skishopen på Hangurstoppen har me om lag 60 oppbevaringsskap og 10 skiskap du kan leige.

Du kan velja mellom tre ulike skap:

  • lite oppbevaringsskap har plass til sko og verdisaker (kjøpes på Hangurstoppen).
  • medium oppbevaringsskap har plass til ein sekk, sko og verdisaker (kjøpes på Hangurstoppen).
  • singel skiskap har plass til to par ski, skistøvlar og hjelm. På grunn av begrensa antal singel skiskap på korttidsleige Hangurstoppen oppmoder me om å førehandstinge desse på skishop@vossresort.no. Kom innom Skishop på Hangurstoppen for betaling og administrering.

Bestill skiskap

Du må ha keycard for å bestille skiskap. Keycardet bruker du til å opne og låse skapet. Mangler du keycard kan du kjøpe nytt i skishopen på Hangurstoppen.

Bestill langtidsleige

Periode

Langtidsleiga gjeld frå 1. oktober til 30. september. Leigetakarar med aktiv avtale får kvart år tilbod om å forlenge avtalen med eitt nytt år. Skap som ikkje vert fornya, vert lagt ut for bestilling på nettsida vår frå oktober.

Bestill langtidsleige av skiskap

Ledige skiskap for vintersesongen 26/27 blir lagt ut i løpet av hausten. Hjå oss kan du leige:

  • familieskap på Hangurstoppen
  • singelskap på Hangurstoppen
  • familieskap på Voss Skihotell ved Scandic
  • singelskap på Voss Skihotell ved Scandic

Prisar langtidsleige

Hangurstoppen

  • Singelskap (plass til 2 par ski, sko og hjelm): 4060 kr
  • Familieskap (plass til 4 par ski, sko og hjelm): 5530 kr

Voss Skihotell ved Scandic

  • Singelskap (plass til 2 par ski, sko og hjelm): 2850 kr
  • Familieskap (plass til 4 par ski, sko og hjelm): 3640 kr

Om skiskapa Voss Skihotell ved Scandic

Alle skiskapa for sesongleige har innebygde skotørkarar i skapet. Det vert automatisk slått på varme på skiskapa på ettermiddagen til over natta, slik at utstyret er tørt og klart til neste dag.

Her finn du skiskapa

Voss Resort har skiskap for sesongleige i underetasjen tilknytt Scandic Hotel på gateplan (sjå bilete). Lokalet ligg 90 meter i gåavstand, til høgre mot bussterminalen frå hovudinngangen til Voss Gondol. Skapa er tilsvarande skapa på Hangurstoppen, med same bruk av skikortet som nøkkel til skapet ditt og inngangsdøra.

Gjesteservice i Voss Resort ved hovudinngangen til gondolen har ansvar for den daglege drifta av skiskapa på Voss Skihotell.

Skiskulen hjelper til med alle praktiske spørsmål knytt til oppbevaringsskapa på Hangurstoppen. Skiskulen fylgjer skianlegget sine opningstider frå sesongstart.

Slik brukar du skiskapa

  • Fyrste gong du skal bruke skiskapet, må du ta med keycardet ditt og konfigurere skapet manuelt. Keycardet gir deg tilgang både til skiskapet og til rommet der skiskapa står.
  • Kvart skiskap har ein unik kode som blir kopla til ditt keycard. Du får berre opna ditt eige skap.
  • Du kan knytte opp til fire keycard til same skap. Leigeavtalen gjeld berre for deg som har leigd skapet og dei fire keykorta. Du kan ikkje leige ut skapet vidare.
  • Mistar du keycardet, må du kjøpe nytt og konfigurere det på nytt.

Spørsmål om skiskap

Har du generelle spørsmål omkring skiskapa, ta kontakt med Voss Resort.