40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar
Hjå oss kan du boltre deg i heile 40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar, inkludert ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype. Opplev Europas topp 5 kveldskøyringstilbod; 11 km lyssatte løyper (inkludert terrengpark), tre dagar i veka.
Voss Resort ligg tilknytt Voss sentrum og berre 100 km frå Bergen. Den unike plasseringa av gondolbana vår ved togstasjonen, gjer at du kan reisa både raskt og miljøvennleg til fjells. Skianlegget har to velkomstsenter; ved gondolbana og i Bavallen.


Barn og familie
Eigne barneområder, gratis heiskort og supertilbod for barne- og ungdomsskular.


Kveldskøyring
Vårt kveldskøyringstilboda er eit av dei beste i Europa.


Langrenn
Me har 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.


Løypekart
10 heisar og trekk, og 24 varierte løyper. Her er noko som passar for alle!


Sikkerhet i skianlegget
Ta ansvar og lær deg alpinvettreglane for skiløpere og snowboardara.


Skiskap
Me har ski- og oppbevaringsskap for både dagleige og langtidsleige.


Skiskule
Bli ein flinkare skikøyrar saman med våre erfarne instruktørar.


Skiutleige
Me har eit stort utval av ski- og snowboard du kan leige.


Student og ungdom
Det beste skianlegget for studentar og ungdom!


Terrengparker
Hopp, rails og jibs. Her skal det vera noko for alle nivå!


Topptur
Vil du komma deg kjapt til toppen? Kjøp toppturkort hjå oss.
Dette ventar deg i Voss Resort i vinter!
- Løyper: 40 km løyper som held deg i gang heile dagen. Sjekk ut vårt løypekart.
- Skiheisar: 10 heiser og trekk som gjev meir tid til ski og mindre til venting.
- Gondol: Opnar kvar dag klokka 9 og er inkludert i alle skikort.
- Nedfartar: 24 variantar frå familievennlege løyper til storslalom og SuperG.
- Off-piste terreng: fantastisk terreng for deg som vil utanfor allfarveg.
- Kveldskøyring: 11 km lysløyper, tre kveldar i veka.
- Park: forma av ShapeCrew med internasjonal parkkunnskap.
- Afterski: frå kakao til kalas kvar helg.
- Arrangement: Kalenderen for vintersesongen er tettpakka med aktivitetar for unge og vaksne. Sjå alle arrangementa.
Våre utforløyper i Voss Resort
Utforløypa i Voss Resort er av dei lengste i landet, og er 3600 meter lang og har nesten 900 fallmeter. Vår familieløype er på heile 4200 meter.


Langrennsløyper
Ynskjer du ei fin turoppleving med barna, eller berre ei treningsøkt? Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.
Randonée/topptur
Frå skianlegget kan du nå Lønahorgi (1410m.o.h) og har tilgang på skog, mykje bra skiterreng og skogskøyring av beste klasse. I Voss Resort tilrettelegg me óg med eigen randotrasé, laga av nokon av Noregs beste skibestigarar og i samarbeid med VossaRando.
Skiutleige og skiskule
Våre flinke sertifiserte instruktørar gler seg til å læra deg gode tips og triks til å bli ein endå betre skiløpar anten du er nybegynnar, eller ynskjer å terpe teknikken i storslalomløypa. Les meir om skiutleige og skiskulen.
Overnatting
Bu like ved skibakken i moderne, sjølvhushald hytter og leiligheiter. Voss Resort leiger ut hytter og leilegheiter heile året, med skianlegget som næraste nabo.


Hotell + ski
Me har sentrumsnære hotell som kan tilby eit hyggeleg og komfortabelt opphald i hjarta av sentrum i kombinasjon med framifrå skikøyring.
Finn den perfekte staden å bu med familie, vener eller med din kjære – med gangavstand til alt du treng.
Gondolbana fraktar deg nærmast frå hotelldøra og rett til skibakken og fjellet. Turen til toppen tar under ni minutter. Ved bestilling av skipakke kan du ta gondolen så mange gonger du ønsker i løpet av ein dag.
Matoppleving på fjellet!
I Voss Resort finn du eit variert restauranttilbod som kombinerer lokale smakar med internasjonale opplevingar:
- Gamle Hangur – Ekte gresk mat frå Taste of Greece
- Hangurstoppen Restaurant – Panoramautsikt og kulinariske høgdepunkt for lokale, skigjester og turselskap – heile året!
- Storastovo – Grillklassikarar i trivelege omgjevnader
- Varmestova – Varm kakao eller kaffi, ferske bollar, panini og andre enkle kioskvarer. Ope på kveldskøyring.


Voss Resort + Voss sentrum
Voss er ei sjarmerande bygd, med ein lang og sterk skihistorie. Dette er ikkje alpane, men vil likevel trigge følelser hjå ein kvass skikøyrar som sett pris på det «ekte».
Voss er akkurat passe stort. Du finn alt du treng i gåavstand. Midt i sentrum ligg gondolen, som tek deg rett opp i fjellet. Berre 10 minutt frå du drikk opp kaffekoppen kan du stå på Hangurstoppen. Det er noko med denne «Aiguille du midi-følelsen», som inspirerar.


På Voss finn du eit stort utval av:
- Shopping
- Café
- Inspirasjon
- Kultur (konserter, festival og kino)
- Bar/pub
- Matopplevingar
- Aktivitetstilbod (bowling, leikeland, svømmebasseng, buldresenter)
- Idrettsanlegg
- Treningssenter


