Sikkerhet i skianlegget
Viktige telefonummer
Skipatruljen: 455 11 283 | Voss Resort: 4700 4700
Ambulanse: 113 | Brann: 110 | Politi: 112
Ta ansvar og lær deg alpinvettreglane
Desse gjeld både for skiløpere og snowboardara.
- Ansvar for å unngå skade
Du må forhalde deg slik at du ikkje skadar deg sjølv eller andre. - Juster farta etter forholda
Du må køyra kontrollert og justera farten og køyremåte etter ferdigheiter, terreng, føreforhold og trafikk. - Vikeplikt
Kjem du bakfrå (ovenfrå), har du ansvar for å unngå kollisjon. - Forbikøyring/Utforkøyring
Det er forbodet å køyre rett utfor, bortsett frå under organisert trening. Sørg for å ha tilstrekkeleg plass når du køyrer du forbi ein anna skiløpar/snowboardar. - Starte, køyre inne i eller svinge oppover i nedfarten
Køyrer du inn i eller svinger du oppover i ein nedfart, må du sørge for at det skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for stans. - Stopp i nedfarten
Stopp ikkje opp eller sitt på tronge eller uoversiktlege plassar. - Til fots i nedfarten
Er du til fots må du gå i ytterkanten av bakken. - Skistoppara/fangremmer
Skistoppara/fangremmer er påbudt. Kontroller at bindinga er riktig innstilt. - Respektér skilt
Følg skilting, merking og anvisningar. - Hjelp ved ulykker
Ved skader har alle plikt til å hjelpe. Vitner og medvirkande plikter å oppgje personalia. - Bruk av bæremeis
Det er ikkje tillatt å køyre med barn i bæremeis verken i skiheis eller i bakken. - Barn i stolheis
Barn må vera fylt 10 år og vera høgare enn 140 cm for å køyra stolheis aleine.
Brot på skivettreglane kan medføre bortvising frå området. Me oppfordrer alle våre gjester å følge fjellvettreglane.


Aking i skianlegget
Aking i skianlegget kan vera farleg. Det er forbode å ake i våre skiløyper, til ei kvar tid. Ynskjer du å vera med på organisert aking, ta kontakt med Vossamoro. Unntaket for aking er for små barn i ytterkant av løypa i Trollbakken og Grebbesbakken.
Snowscoot, Skitrikke/ Skibike i skianlegget
Det er ikkje tillatt med bruk av slike i anlegget.
Opphald i anlegget etter stengetid
Ikkje opphald deg i skianlegget etter stengetid. Ferdsel i anlegget utanom opningstid er farleg og er på eige ansvar. Etter stengetid har me mellom anna scootere og tråkkemaskiner i drift, og området vert sett på som eit anleggsområde.
Off-piste køyring i anlegget
Me har fantastiske off-piste moglegheiter i tilknytning til skianlegget, i ope skogsterreng, kupert snaufjell og utfordrande høgfjellsterreng. Me minnar om at all ferdsel utanom preparerte løyper er på eige ansvar.
Me oppmodar alle som ferdast utom preparerte løyper å utstyra seg med sekk (evt. skredsekk), spade, søkestong og sendar/mottakar, i tillegg til hjelm. Sørg for å ha kjennskap til og kan bruke ditt eige utstyr.


Viktige faktorar i høve ferdsel utom preparerte løyper:
- Kunnskap om terrenget/ fjellet der du ferdast. Ver- og føreobservasjonar den siste tida – vurdér skredfaren.
- Kunnskap om snø og skred, samt linjevalg og fornuftig skikøyring i utsett terreng.
- Kjennskap til dei du køyrer saman med (kunnskap, erfaring, utstyr) og gruppedynamikk.
- Køyr aldri åleine. Ha alltid oversikt over/augekontakt med alle i gruppa og pass på kvarandre.
- Dersom skredet skulle gå – kva gjer du/dykk? Varsling, søk og kameratredning, livredning. Kan alle dei ulike prosedyrane?
Skredvarsling i anlegget
Det er oppslag fleire stader i anlegget, som gjeld for området Voss. Skredvarslinga er ei videreformidling av varselet på varsom.no.




Vinsj med wire under preparering
Hjå oss vert vinsj med stålwire nytta dagleg til preparering av nedfartene i anlegget. Wiren er farleg dersom du kjem borti han, og kan ved ustabilt underlag flytte seg i uventa retningar og hastigheiter.
Wiren kan òg ryke under bruk, noko som gjer at sjølve tråkkemaskina vert eit farleg element under prepareringa. Dette er ein av grunnane til at det er forbode å opphalde seg i eller i nærleiken av nedfartar og område der preparering går føre seg.
Preparering med tråkkemaskin er regulert av vegtrafikklova. Det inneber at føraren står ansvarleg dersom det skjer ei ulukke i samband med preparering. Med dette som utgangspunkt har tråkkemaskinførarane rett til å be gjester forlate anlegget eller området dersom forbodet ikkje vert overhalde.
Sjå gjerne filmen nedenfor om preparering med vinsj.
Snjoproduksjon
Det er ikkje tillatt å vera i anlegget under snjoproduksjon. Snjoproduksjon er forbundet med fare på grunn av isete snjohaugar og endring av føre med våt snjo sjølv ved lave temperaturar. Me nyttar slangar med svært høgt trykk, og elektriske kablar kan liggje opent. Kontakt med desse installasjonane og ei eventuell ulykke grunna uaktsomhet kan få fatale konsekvensar. Sjå våre opningstider for når du kan opphalda deg i skianlegget.
Ikkje føl spor
Me gjer merksam på at speedridere og speedflyere ofte flyr frå Lønahorgi og Horgaletten, og legg flotte puddersvingar der det absolutt ikkje er tryggt for andre utan skjerm å fylgje etter. Desse spora endar ofte utfor bratte skrentar og stup, som desse skjermflygarane svevar vakkert over. Vær difor varsom med å følgje spor ukritisk i terreng du ikkje er godt kjend.




Trygg flyging i Voss Resort
Det er stadig aukande aktivitet med skjerm på fjellet – Paraglidere, kitere, speedridere og speedflygarar. Voss Resort var tidleg ute med reglar for bruk av skjerm i anlegget, anvisning av exit- og landingsarena samt merking av eige område for kiting. Me ber alle som driv med skjermaktivitet i anlegget å vise omsyn til desse formalitetane. Sjå løypekartet for angitte områder for skjermaktivitet.
Droneflyging i Voss Resort
Det er forbudt å fly drone i skianlegget eller over gondolbana.



