Avslutt sesongen på topp med SLUTTSPURT!
Hendinga er allereie over


Me inviterar til sesongens siste afterski med ein SLUTTSPURT! Vert med til Hangurstoppen kor me har premieutdeling, live-musikk og god mat. I tillegg har me får du 30% rabatt på alle dagskort og overnatting frå 7. april til 12. april!
Kåring av årets “Skikar” og “Skitaus”
I år kårer me årets “Skikar” og “Skitaus”! Den guten/mannen og jenta/dama med flest skidagar i løpet av sesongen vinn. Premien; sesongkort for 2026/2027. Pluss heder, ære – og ein heilt legitim grunn til å skryte, sjølvsagt.
Program
- 12:00-15:15: DJ på Storastovo
- 15:30-17:00: DJ på Hangurstoppen
- 17:00: Premieutdeling på Hangurstoppen – Kåring av årets Skikar og Skitaus. Det vert i tillegg trekkepremiar til dei som har kjøpt inngangsbillett. Premiar frå Åsnes, Helly Hansen og Sweet Protection.
- 17:30-18:30: Konsert med SkiBarBula-band
- 18:30-19:30: DJ
- 19:30-20:30: Konsert med SkiBarBula-band
- 20:30-22:00: DJ
- 22:30: Siste gondol ned
Kjøp afterskibillett
Denne dagen treng du billett for å koma inn på afterski på Hangurstoppen. Billetten koster kr 100. Treng du gondolbillett i tillegg kan denne kjøpast til kr 100 (alle skikort inkluderer gondol).
Smakfull servering under afterski
Under afterski får du kjøpt ekte gresk gyros med saftig kjøt og friske smakar.
