Vinterferie: Gruppeundervisning alpint

Hendinga er allereie over

Vinterferie veke 8 & 9

5‑ eller 2-dagars gruppeundervisning alpint, alle nivå

Må førehandsbestillast. Opplev ekta skiglede på Voss i vinterferien. Velkomen til ekte skileik!

Skileik for barn 5–7 år

Eit tilbod for dei yngste som vil ha ein trygg og morosam start på ski. Økta varer i 100 minutt frå kl. 10:00-11:40, med maks tre barn per instruktør.

Undervisninga skjer i Trollbakken på Hangurstoppen og Grebbesbakken i Bavallen. Her får barna enkle skiøvingar kombinert med mykje leik og moro i snøen, medan instruktøren har full fokus på ei lita gruppe.

Gruppeundervisning for barn (7–15 år)

Gruppeundervisninga varer i 150 minutt og går føre seg på Hangurstoppen. Me tilbyr skikurs over 2, 3 eller 5 dagar, tilpassa alder og nivå. Undervisninga kan gå føre seg på engelsk.

Gruppeundervisning for vaksne

Gruppeundervisning varer i 150 minutt og vert gjennomført på Hangurstoppen. Me tilbyr strukturerte kurs over 2, 3 eller 5 dagar, tilpassa ulike erfaringsnivå. Undervisninga har fokus på teknikk, meistring og skiglede, og vert leia av profesjonelle instruktørar som sørgjer for eit støttande og effektivt læringsmiljø.

Privatundervisning

Me tilbyr privatundervisning for både born og vaksne på ulike nivå og med fleksibel varigheit. Hangurstoppen: Perfekt for deg som kjem med gondolen eller skiheis frå Bavallen. Bavallen: Best for deg som kjem med bil til skianlegget.