20–28. juni 2026
Sentrum for ekstremsport
Kvar sommar vert Voss sentrum for ekstremsporta sin største festival, og mykje av det råaste som skjer, skjer rett her hjå oss på Voss Resort.
I dagane 20.–28. juni 2026 kan du ta gondolen opp til Hangurstoppen og sjå utøvarane konkurrera i sykling, friflygning og hinderløp i vill natur. Og hjå oss kan du oppleva det på nært hald.


Program – aktivitetar i Voss Resort
Bavallen Downhill – Nordic Downhill Series
Laurdag 20. juni og sundag 21. juni
Ein av Noregs mest legendariske downhill-løyper er attende som offisiell stopp på Nordic Downhill Series. 100 ryttarar, 4,5 km bratt og teknisk terreng frå toppen av gondolen og ned til mål. Seeding laurdag, finale sundag.
Freeflying
Laurdag 20. juni – sundag 28. juni, dagleg frå 08:30
Paragliding- og speedride-pilotar frå heile verda tek gondolen opp til Hanguren og kastar seg utover fjorden. Sjå dei sveve over Voss i spektakulære omgjevnader – heile veka gjennom.
Bavalanche Chinese Downhill
Onsdag 24. juni – start kl. 11:30
Massstart frå toppen av gondolen, ned skibakkar, stinettverk og gjennom skogen – alle samstundes. Det er kaotisk, det er vilt, og det er utruleg kjekt å sjå på. Ei av festivalvekka sine store underhaldningsøyeblikk.
Veko Enduro
Torsdag 25. juni – frå kl. 10:00
Eit fleirstadie enduro-ras gjennom urørt og krevjande terreng i Voss-fjella. Ryttarane vert testa på teknikk, uthaldenheit og evna til å handtera det uventa. Her er det ekte mountainbike i naturleg innramming.
Vossakrigar – kvalifisering
Torsdag 25. juni – kl. 14:00, Voss Resort
Vossakrigar er festivalvekka sin eigen hinderløpskonkurranse – ein tøff og fargerik kombinasjon av styrke, smidigheit og vilje. Kvalifiseringa finn stad på og kring Hanguren, og publikum kjem tett på aksjon i bakkane og i vatnet.


Gondolen – din billett til festen
Gondolen er inngangen til det meste av det som skjer på Voss Resort under Ekstremsportveko. Ho går frå Voss sentrum rett opp til Hanguren. Derifrå er du midt i det heile.
Rabatt for publikum
Som tilskodar under Ekstremsportveko får du gondolbillett tur/retur til spesialpris med kode: hangurenopp
- Vaksen: 285 kr (tur/retur)
- Ungdom/senior: 165 kr (tur/retur)
Opningstider gondol under Ekstremsportveko
- Laurdag 20. juni: 08:30-21:30
- Sundag 21. juni : 08:30-17:30
- Måndag 22. juni – tirsdag 23. juni: 08:30-16:00
- Onsdag 24. juni – laurdag 27. juni : 08:30-21:30
- Sundag 28. juni: 09:30-16:00


MAT
Mat med utsikt
Me har sørgja for at du skal ha det godt medan du heiar, med gondol til fjells og ein smakfull meny på Hangurstoppen Restaurant når du treng ein velfortent pause.





