Vossakrigar – kven har det som skal til?

14:00–16:0025. juni 2026

Er du klar til å heie fram den neste Vossakrigar-meisteren?

Ekstremsportveko kjem Vossakrigar til Hanguren. Ta gondolen opp og sjå kvalifiseringa live frå toppen av Voss.

Kvalifiseringa finn stad rett utanfor gondolstasjonen på toppen, og publikum kjem tett på når utøvarane skal visa styrke, smidigheit og vilje gjennom eit krevjande hinderløp på og kring Voss Resort.

Program – Vossakrigar

Kvalifisering – Hanguren, Voss Resort

Torsdag 25. juni – kl. 14:00

Løypet går gjennom variert terreng på og kring Hanguren, på land og potensielt i kaldt vatn. Utøvarane startar frå same punkt, følgjer løypa og tek seg gjennom hindera i rekkjefølgja dei kjem. Kvart hinder må gjennomførast før ein kan gå vidare. Kvalifiseringa er ein individuell tidsprøve. Dei raskaste går vidare til finalen.

Finale – Festivalområdet, Voss sentrum

Laurdag 27. juni – kl. 14:30

I finalen møtest utøvarane til direkteduell – head-to-head i utslagsspel. Den sterkaste, smidigaste og mest bestemte utøvaren vinn og kan kalla seg Vossakrigar.

Sjå full oversikt over aktivitetar

Vil du sjå kva anna som skjer på Voss Resort under Ekstremsportveko? Sjå full oversikt over aktivitetar.

Gondolen – din billett til festen

Gondolen er inngangen til det meste av det som skjer på Voss Resort under Ekstremsportveko. Ho går frå Voss sentrum rett opp til Hanguren. Derifrå er du midt i det heile.

Rabatt for publikum

Som tilskodar under Ekstremsportveko får du gondolbillett tur/retur til spesialpris med kode: hangurenopp

  • Vaksen: 285 kr (tur/retur)
  • Ungdom/senior: 165 kr (tur/retur)

Opningstider gondol under Ekstremsportveko

  • Laurdag 20. juni: 08:30-21:30
  • Sundag 21. juni : 08:30-17:30
  • Måndag 22. juni – tirsdag 23. juni: 08:30-16:00
  • Onsdag 24. juni – laurdag 27. juni : 08:30-21:30
  • Sundag 28. juni: 09:30-16:00

MAT

Mat med utsikt

Me har sørgja for at du skal ha det godt medan du heiar, med gondol til fjells og ein smakfull meny på Hangurstoppen Restaurant når du treng ein velfortent pause.