Julebord hos Voss Resort – ekte julestemning

4. og 5. desember 2026

Julebord på Hangurstoppen Restaurant

Me ynskjer velkomne til julebord, 818 meter over havet. Julebord på Hangurstoppen Restaurant er ei unik oppleving. Med storslått utsikt over fjella får du servert tradisjonelle og smakfulle julerettar i moderne omgjevnader. Her får du den perfekte ramma for ei minnerik førjulsfeiring.

Datoar

Me arrangerer julebord på utvalde kveldar i førjulstida:

  • 4. desember
  • 5. desember

Med ein kapasitet på totalt 200 gjester kan me ynskje små og store bedrifter og organisasjoner, vener og familie velkomne til Hangurstoppen Restaurant.

Pris

1295 kr per person. Gondol tur/retur er inkludert i prisen.

Live-musikk med Full Fræs Duo

Med erfarne musikarar frå Wannabes og Moonshine leverer Full Fræs Duo god musikk og allsang heile kvelden. Når du bookar Full Fræs Duo, kan du rekna med høg allsangfaktor og godt humør. Duoen leverer eit variert repertoar med kjende låtar som får både kollegaer, vener og gjester opp av stolane.

Program for kvelden

  • 18:00 – Fyrste gondol opp
  • 18:00-21:30 – Julebordsbuffet og bordsete
  • 21:30 – Live-musikk med Full Fræs Duo
  • 00:30 – Baren stenger
  • 01:00 – Siste gondol ned

For bedrifter og private selskap

På Voss finn du julebord som passar både for bedrifter, venegjengar, lag, organisasjonar og familiar. Enten de ønskjer å samle kollegaene til ei hyggjeleg juleavslutning eller feire førjulstida med gode vener og familie, ligg alt til rette for ein sosial og minnerik kveld med god mat, hyggeleg stemning og flotte omgjevnader.

Me byr på ein nydeleg tradisjonell julebordsbuffet i flotte lokale på Hangurstoppen.

Ta kontakt med oss på post@vossresort.no eller ring 4700 4700 for spørsmål.

Bestill julebord hjå Voss Resort


Ei julebordsoppleving med gondol

Turen til julebordet er ein oppleving i seg sjølv. Med gondolen reiser du frå Voss sentrum til Hangurstoppen på ni minutt, medan du nyt utsikta over bygda, fjella og vinterlandskapet. Gondolen gir ei heilt spesiell ramme rundt kvelden og er ein annleis og unik måte å kome seg til julebordet på, langt frå det tradisjonelle julebordet på hotell eller restaurant i sentrum.

Bergen til Hangurstoppen Restaurant = 1 time og 20 minutt!

Den sentrale plasseringa ved Voss stasjon gjer at du kan reise grønt og miljøvenleg med tog og gondol heilt frå Oslo eller Bergen.

Grøn reiseveg og gode overnattingsmoglegheiter

Frå Voss stasjon har du kort gåavstand til Voss sine tre sentrumshotell: Scandic Voss, Park Hotell Vossevangen og Fleischer’s Hotell.