Vinterferie: Carvingkurs for vaksne

Hendinga er allereie over

Finslip teknikken og finn dine grenser i bakken

Ønskjer du å få den gode kjensla under føtene? Kjensla av å sveva ned dei nypreparerte, bratte og breie løypene Voss har å by på?

Bli med Alexander Raa Nilsen og Voss Resort Skiskule på carvingkurs. Me har kurs for både damer og herrer. Me skal gje deg gode tips, hjelpa deg med å terpa teknikken og finna meistringskjensla i trygge og vennlege omgjevnader.

Carvingkurs for vaksne

Dette kurset er for vaksne som ønskjer å vidareutvikla seg i bakken, anten du vil ha betre flyt i svingane eller meir kontroll i farten. Me jobbar med teknikk, tryggleik og dei små justeringane som gjev stor forskjell.

  • Oppmøte på Hangurstoppen kl. 10:00.
  • Aldersgrense 17 år.
  • Minst 4 påmelde for å gjennomføra.

Me tilbyr individuell rettleiing og eit sosialt læringsmiljø der du kan utvikla deg i ditt eige tempo.

Nivå

Kurset passar for deg som har stått ein del på ski, men som vil bli tryggare i carving og få meir kontroll i svingane.

Alle desse kursene er svart nivå, noko som betyr at du må vera ein habil skikøyrar som meistrar både raude og svarte løyper, og er vand med skikøyring i terreng og på ulike underlag.

Kursdatoar

Vêr- og snøforhold kan påverka kursopplegget

Merk at gjennomføring av carvingkurs avheng av snøforholda. Dersom forholda ikkje er gode nok, vil me i staden setja opp eit frikøyringskurs på same nivå. Voss har noko av det beste terrenget for frikøyring, og på kurset vil me læra deg gode teknikkar for frikøyring og korleis du kan finna den rå kjensla av meistring i fjellsida.