Vinterferie: Carvingkurs for damer
Hendinga er allereie over
Finslip teknikken og finn dine grenser i bakken
Ønskjer du å få den gode kjensla under føtene? Kjensla av å sveva ned dei nypreparerte, bratte og breie løypene Voss har å by på?
Bli med Alexander Raa Nilsen og Voss Resort Skiskule på carvingkurs. Me har kurs for både damer og herrer. Me skal gje deg gode tips, hjelpa deg med å terpa teknikken og finna meistringskjensla i trygge og vennlege omgjevnader.
















Carvingkurs for damer
Dette er eit kurs for damer som vil utvikla seg vidare på ski og få meir kraft og stabilitet i carvingteknikken. Me fokuserer på flyt, kontroll og teknikk med støtte og tips frå flinke instruktørar.
- Oppmøte på Hangurstoppen kl. 10:00.
- Aldersgrense 17 år.
- Minst 4 påmelde for å gjennomføra.
Me sørgjer for god stemning, roleg tempo og ein læringsprosess som tek utgangspunkt i akkurat der du er.
Nivå
Kurset passar for deg som har stått ein del på ski, men som vil bli tryggare i carving og få meir kontroll i svingane.
Alle desse kursene er svart nivå, noko som betyr at du må vera ein habil skikøyrar som meistrar både raude og svarte løyper, og er vand med skikøyring i terreng og på ulike underlag.
Kursdatoar
- Carvingkurs for menn: Lørdag 21. februar og lørdag 28. februar (10:00–12:30, 150 min)
- Carvingkurs for damer: Fredag 20. februar og fredag 27. februar (10:00–12:30, 150 min)
- Carvingkurs for vaksne: Søndag 22. februar (10:00–12:30, 150 min)
Vêr- og snøforhold kan påverka kursopplegget
Merk at gjennomføring av carvingkurs avheng av snøforholda. Dersom forholda ikkje er gode nok, vil me i staden setja opp eit frikøyringskurs på same nivå. Voss har noko av det beste terrenget for frikøyring, og på kurset vil me læra deg gode teknikkar for frikøyring og korleis du kan finna den rå kjensla av meistring i fjellsida.
