Valentinskveld på Hangurstoppen

Hendinga er allereie over

Fjellromantikk på Hangurstoppen

Feir kjærleiken med ei uforgløymeleg oppleving på Hangurstoppen. For kva er vel betre enn å invitere den du likar aller best med opp i høgda for ein kveld med fantastisk utsikt, god mat og triveleg stemning.

Kjøkenet vårt har pussa slipestålet og laga to skikkeleg flotte trerettars menyar. Begge er laga for deg som vil smake noko ordentleg godt medan du latar som du hugsar alle dei romantiske linene du hadde planlagt førehand. Du kan velje mellom to menyar, begge til same pris og begge laga for å imponere.

Reserver bord

Vil du feire Valentines hjå oss, må du reservera bord på førehand. Me har avgrensa med plassar.

Vel mellom to nøye utvalde menyar, kvar til 945,- per person:

Valentinsmeny alternativ 1

  • Lovers’ Scampi-salat
    Møre scampi servert på friske sesonggrønsaker, toppa med ei lett sitrusdressing og fine urtar.
  • Indrefilet med rosepeppersaus
    Perfekt steikt indrefilet servert med gyllen potetfondant, ovnsbakte rotgrønsaker og ei rik og fløyelsmjuk rosepeppersaus.
  • Varm sjokoladefondant
    Lunka sjokoladefondant med flytande kjerne, servert med silkemyk vaniljeis.

Valentinsmeny alternativ 2

  • Kreps Velouté
    Silkemjuk og kremete suppe av kreps, fint krydra og avslutta med eit hint av friske urtar.
  • Lammesirloin med Pernodsaus
    Perfekt steikt lammesirloin servert med fløyelsmjuk potetmos, sesongens rotgrønsaker og ei rik og aromatisk saus med Pernod.
  • Klassisk Creme Brulee
    Fyldig vaniljebrulee med sprø karamellisert topp, servert med friske sesongbær.