Opning av ny sykkelløype og ferdighetsløype

10:00–15:0020. juni 2026

Velkomen til opninga av ny sykkelløype og ferdighetsløype på Hangurstoppen!

20. juni inviterer me til leik, meistring og sykkelglede i flotte omgjevnader på Hangurstoppen. Den nye sykkelløypa i Trollbakken og ferdighetsløypa ved høgdebassenget opnar. Her vert det kjekke element som passer for barn som både er ferske syklistar eller små, fartsglade eventyrarar. Finn ut meir om vårt nye sykkeltilbod.

Under opninga 20. juni vert det musikk og god stemning i Trollbakken. Her vil også Grebbe Hangur dukke opp!

Same dag går også Bavallen Downhill Seeding – Nordic Downhill Series av stabelen. Konkurransen er ein del av Ekstremsportveko og vil gjennomførast frå Hangurstoppen og ned mot Bavallen. Til Hanguren kjem difor fleire av Nordens beste MTB-syklistar og profesjonelle downhill-utøvarar for å konkurrera og visa fram rå sykkelferdigheiter.

Les meir om Bavallen Downhill Seeding.

Rabatt på gondolbillett

Kjøp gondolbillett på nett og bruk promokoden «hangurenopp» for å få rabatt på tur/retur og familiebilletten.

Me gler oss til å sjå dykk på Hangurstoppen!