Ny Funslope og vidare satsing på park i Voss Resort

Til vinteren 26/27 tek Voss Resort nye steg i utviklinga av skiområdet gjennom spennande nyheiter og forbetringar i samarbeid med ShapeCrew. Målet er å skapa endå fleire opplevingar for både familiar, born, ungdom og gjester som ønskjer å utvikla ferdigheitene sine på ski og snowboard.

Funslope frå Hangurstoppen

Ei av dei største nyheitene denne vinteren er etableringa av ein heilt ny Funslope frå Hangurstoppen og ned mot Vossatassen (løype 9).

Ein Funslope kombinerer vanleg skikøyring med leikne element som doserte svingar, bølgjer, hopp og andre kreative innslag som gjer turen ned fjellet til ei oppleving i seg sjølv. Konseptet er utvikla for å skapa skiglede, meistring og aktivitet for både born, ungdom og vaksne.

Den nye Funslopen vil gå parallelt med Familieløypa ned mot Vossatassen. På sikt er planen også å kopla saman Funslopen og Vossatassen-området til eit endå større leik- og aktivitetsområde.

Badnakrokjen vert vidareutvikla

Badnakrokjen har gjennom fleire år vore ein viktig arena for dei yngste gjestene. Til vinteren vert området vidareutvikla og utvida med fleire element og linjer som legg til rette for leik, meistring og progresjon. Her vert det både ei lysegrøn og mørkegrøn linje.

Området er utvikla med fokus på tryggleik, leik og meistring, og skal vera ein naturleg arena for dei yngste gjestene og for alle som ønskjer å bli trygge på park-element i sitt eige tempo.

Barneskirennet flyttar til Trollbakken

Kvar helg og i feriar arrangeres gratis barneskirenn i Voss Resort. Dette har tidligare vore gjennomført i Badnakrokjen. For å gjera arrangementet meir tilgjengeleg flyttar me no barneskirennet til Trollbakken.

Den nye plasseringa vil gje betre rammer for arrangementet og gjera det mogleg for endå fleire born å delta.

Jobber med betre tilkomst til Alphaparken

Alphaparken, som tilbyr både blå og raud linje, er eit attraktivt område for både nybyrjarar og meir erfarne parkkøyrarar. No jobbes det med å forbedre tilkomsten, ved å utbetre Alphacrossen (blå løype) som inngang til parken.

Målet er å gjera parken meir tilgjengeleg både for dei som ønskjer å prøva park for første gong, og for dei som vil utvikla ferdigheitene sine vidare.