Vinterferie i Voss Resort - kjekkare leikeplass finn du ikkje!

Aktiv barnefamilie på jakt etter den beste leikeplassen i vinterferien?
Me tør å påstå at vår er den kjekkaste i heile Noreg. 

Hjå oss, Vestlandets største skianlegg, får du nemleg 23 varierte skiløyper, med noko for alle nivå. Her finn du bakkar der du kan trøkke på og sette den perfekte carvingsving. Det varierte terrenget som gjer at det kiler litt ekstra i magen når ein fer nedover. Terrengparkelement for både liten og stor, erfaren og nybyrjar. Og sjølvsagt langrennsløyper med utsyn over vakre Vossafjell. Med tre eigne områder spesielt dedikert for barna, så ligg forholda til rette for å kjenne på mykje leik, moro og meistringskjennsle. 

Når beina er slitne, så sett du deg inn i ein av våre 4 varmestover. Sleng av deg varme kle, sett deg til rette og så serverer me deg det du ynskjer av mat og drikke. Vera seg heimelaga hamburger, steinovnsbakt pizza, autentisk gresk mat (yes, det stemmer), ein digg pommes frites eller varm sjokolade (med krem, sjølvsagt). Med ulike konsept på dei ulike serveringsstadene, så finn du det som passer for deg og dine. 

Ikkje heilt ferdig med skidagen endå? Test kveldskøyring hjå oss  i heile 11 km med lyssatte løyper. Tirsdag og torsdag til kl. 20 og fredag til kl. 21. 

Pssst: hjå oss får alle barn frå 0-6 år gratis skikort. I tillegg får alle 4. klassingar i Vestland gratisk årskort (må bestillast innan 15. februar). 

Bestill vinterferie i Voss Resort

Utvida og urban leikeplass…?

Me pleier å seie at i første etasjen vår ligg Voss sentrum. Jo, for me er så heldige at leikeplassen vår går utanfor våre eigne skiløypegrenser. 

Gondolen vår knyttar Voss sentrum og skianlegget vårt saman. Det betyr at du har uendeleg med  moglegheiter for å gjera fleire aktivitetar når du er på Voss. Er far dårleg tapar? Ta han med på Voss Bowling for eit spel eller to. Eller kva med ein tur i Vossabadet eller i badstu etter ein lang tur på ski? Og du? Gondolen er sjølvsagt inkludert i alle våre skikort. 

Det skal vera enkelt å vera på vinterferie

Etter ein lang dag i skibakken skal du sleppe å pakke både ski, utstyr og barn i bilen. Ski-inn/ski-ut i våre sjølvhushald hytter og leiligheiter istadenfor! Her slepp du å forhalde deg til når på dagen det er frukost eller middag; det tek du nett når det passar deg. Og du? Utvasken tek sjølvsagt me. Du har tross alt betre ting å bruke tida di på. 

Bestill vinterferie i Voss Resort

Vinterferieprogram

Kvar dag i vinterferien vert det morosame aktivitetar i skianlegget. 
Følg med her for oppdaterte aktivitetar.