SKIROSA
Hendinga er allereie over
Dagen då damene «eig» skianlegget
SKIROSA er skidagen dedikert til damene! Me kickstartar fredag med basar og humorshow, før laurdagen byr på skiquiz rundt på fjellet. Skiquizen er berre for damer, og det ligg flotte premiar i potten. Mannfolka er sjølvsagt velkomne på afterski.
Me avsluttar SKIROSA med afterski og premieutdeling på Hangurstoppen, der landets beste DJ står for stemninga – sjølvaste DJ Mariann Rosa (kjent frå mellom anna Surferosa).
























Program
Fredag:
- 17:30 – 18:30: Basar med åresal, i samarbeid med Kreftforeningen. Hangurstoppen Restaurant. Her kan du vinne fine premiar, samtidig som du støttar ei viktig sak. All inntekt frå åresalet går uavkorta til Kreftforeningen. I premiepotten finn du mellom anna premiar frå Vossabadet, Skrot, Kari Traa, Voss Resort, Voss Active og Voss Bowling.Det er gratis inngang til denne delen av arrangementet. Treng du gondolbillett for å koma deg opp, så kan du kjøpe dette til kr 100 i billettluka. 20 års aldersgrense.
- 19:00 – 20:00: Humorshow med Dronningimpro. Hangurstoppen Restaurant. Få med deg eit humorshow som aldri har blitt spilt før (og som aldri vil bli spilt igjen)! Her skal det konkurrerast om å regissere dei beste improscenene og det er de i publikum som avgjer om scenen er bra eller dårleg. Å vinne publikums gunst er einaste måte regissøren kan unngå grusomme, personlege straffer på. Kun ein stikk av med heder, ære og den gjeve tittelen «kveldens dronning». Dronningimpro består av Tonje Holm Sandnes, Karoline Folkvord Ryen, Maria Høier Sandvik & Aila Sinober. 20 års aldersgrense. Du treng eigen billett til dette arrangementet (kr 100).
- 21:30: Siste gondol ned. Velkomen att i morgon!
Laurdag:
- 09:30 – 15:00: Kjekke stands ved Hangurstoppen
- 10:00 – 12:00: Utdeling av svarskjema på Hangurstoppen. Hent ut skjema og ta turen rundt på fjellet for å finne postene. Du tek det i ditt eige tempo.
- 15:00: Siste frist for innlevering av svarark på Hangurstoppen, for å verta med i trekninga av flotte premiar Premiar frå mellom anna Kari Traa, Astrid Wild, Flor, Åsnes og Helly Hansen.
- 15:30: Afterski på Hangurstoppen (hugs billett)
- 16:30: Premieutdeling på Hangurstoppen
- 17:00: God stemning med sjølvaste DJ Mariann Rosa
- 22:00: Afterski på Hangurstoppen ferdig
Under afterskien på laurdag får du kjøpt ekte gresk gyros med saftig kjøt og friske smakar.
Aldersgrense: 20 år etter kl. 15:30 begge dagar.
Billettar
Merk: du kan vere med på sjølve skiquizen sjølv om du ikkje har billett til afterskien, men då får du ikkje med deg premieutdeling og det som skjer frå kl. 15:30.
Fredagsbillett – inkluderer inngang til Hangurstoppen og humorshow. Avgrensa plassar. kr 100/200 (eks./ink. gondol)
UTSELD: Laurdagsbillett – gir deg tilgang til Hangurstoppen og heile programmet frå kl. 15:30. For å bli med på afterski treng alle billett, også dei som deltek på skiquiz. Det er avgrensa kapasitet, så sikre deg billett i god tid kr 250/350 (eks./ink. gondol)


No kan du sikre deg bord på Skirosa!
For å sikre deg eit VIP-bord til Skirosa må du førehandsbetale 6 000 kr. Beløpet gjeld kun for sjølve bordet og afterskibillett må kjøpast i tillegg. Det er ingen krav til minimumsforbruk.
Du må vera til stades mellom kl. 15.30 og 16.00 for å få tilgang til bordet. Maks 8 personar per bord. Inkludert i VIP-bordet er ein fjellplanke med ostar og salami av høg kvalitet, oliven og heimebaka focaccia.



