Skitest med S.Endeve Sport

Laurdag 22 og søndag 23 februar kan du teste ski!

Skal du ha deg nye ski, men er usikker på kva du skal velgja? Eller vil du berre prøva noko nytt? 

Har du nokon gong lurt på kva som egentlig er skilnaden mellom ei ski med mykje eller lite innsving, eller ei brei og ei smalare pudderski? No er det mogleg å teste begge deler i løpet av dagen.

Kom innom Endeve Sport sin skidemo på laurdag og søndag! 

Du kan teste dei beste skia frå mange av dei store skimerka som til dømes Völkl, Nordica, SGN, K2/Line, Head og Fischer.

Me står på Slettafjellet frå kl 10:00 -15:00 laurdag og søndag.

 

Skal du på handel på Vangen, besøk S.Endeve Sport- dei har stort utval av sportsutstyr!

 

Andre arrangementer

1. mai - 13. okt, Kvar dag

Hangurstoppen Turbingo

Kor mange av tinga greier du å finne på turen din?
Onsdag 20. august 2025, 18:00

Italiensk pizzabakefest med DJ!

Ei komplett oppleving med matlaging, god mat og livande underhaldning!
28. nov - 29. nov

Julebord på Hangurstoppen Restaurant

I november og desember ynskjer me velkomne til julebord på Hangurstoppen Restaurant, 818 m.o.h.