Aking frå Hangurstoppen

Må førehandsbestillast

Hendinga er allereie over

Bli med på ei fartsfylt og kjekk oppleving i den 4,2 km lange familieløypa vår, frå toppen av Hangurstoppen til Bavallen. Når skiheisen stenger for dagen, opnar me for aking med snowracer, ein aktivitet som passar like godt for born som for vaksne.

Praktisk informasjon

  • Oppmøte er klokka 15.30 ved Skiskulen i Bavallen
  • Aldersgrense 10 år. Barn må ha fylgje med ein vaksen.
  • Hugs varme vintersko, briller, hjelm og skikort. Dersom du ikkje har skikort, kan du kjøpa enkeltur i Bavallen.
  • Påmelding seinast klokka 12:00 same dagen.
    Barn kan ikkje sitta saman med ein vaksen på same snowraceren.
  • For at akekøyringa skal gjennomførast, må det vere minst 8 deltakarar påmeld.

Transport tilbake til sentrum

Legg til transport tilbake til sentrum om du ønskjer. Akinga endar i Bavallen, og gjester som har bestilt transport, vert køyrde vidare til sentrum derifrå.