Barnehagar og skular

Voss Resort ynskjer at flest mogleg born og ungdom på Voss kan nytte gondolen og det flotte turområdet på Hangurstoppen heile året.

Tilbod til skular og barnehagar – me tilbyr eigne prisar i skuletid

På Hangurstoppen har me flotte turmoglegheiter i umiddelbar nærleik til toppstasjonen av gondolen. Om sommaren finn du gode turstiar – T-merka av Voss Utferdslag og Voss herad – til Lønahorgi, Raugstad og Bavallen. Vinterstid byr området på fine ski- og trappeløyper, i tillegg til fleire merka rundløyper som Voss Resort har tilrettelagt nær Hangurstoppen.

Tilbodet gjeld i barnehage- og skuletid og kun ved førehandstinging per e-post, seinast dagen før ankomst. Tilbodet gjeld også for SFO i skuletid.

Skidag for barne-, ungdom- og vidaregåande skular i Vestland

Det er få ting som gler eit barnesinn meir enn snø å leika seg i, gjerne med ski på beina. Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.

Me har difor tilbod på skidag, inkludert instruksjon og leige av utstyr. Ta kontakt med post@vossresort.no for prisar og meir informasjon.

Bestilling

Ta kontakt med oss på e-post for å få tilsendt gjeldande prisar. Tilbodet gjeld berre ved førehandstinging per e-post, seinast dagen før ankomst. Bestilling må gjerast av personale i barnehage, skule eller SFO.

Ver venleg å sende oss følgjande informasjon:

  • Ankomstid
  • Antall personer (små og store)
  • Namn og telefonnummer til ein kontaktperson i gruppa
  • Betalingsmåte (kort, kontakt eller faktura). Dersom de ynskjer å betale per faktura, send oss fakturaadressa, organisasjonsnummer og referanenummer (ansattnummer eller liknande).

Send bestillinga til post@vossresort.no.

Me lager klart billettane til de kjem, slik at kontaktlærar eller tilsette kan henta billettane samla i billettluka i gondolbygget ved Voss stasjon.

Me gler oss til besøk! Velkomne til oss!

Gratis sesongkort for alle 4. klassingar i Vestland

4. klassekortet er eit gratis sesongkort til alle fjerdeklassingar med bustadadresse i Vestland fylke. Kortet er gyldig til 15. august 2026 og må bestillast innen 15. februar.