Voss Resort – vestlandet sitt største skianlegg

Dette ventar deg i Voss Resort i vinter!

  • Løyper: 40 km løyper som held deg i gang heile dagen. Sjekk ut vårt løypekart.
  • Skiheisar: 10 heiser og trekk som gjev meir tid til ski og mindre til venting.
  • Gondol: Opnar kvar dag og er inkludert i alle skikort.
  • Nedfartar: 24 variantar frå familievennlege løyper til storslalom og SuperG.
  • Kveldskøyring: 11 km lysløyper, tre kveldar i veka.
  • Off-piste terreng: Fantastisk terreng for deg som vil utanfor allfarveg.
  • Afterski: Frå kakao til kalas kvar helg.
  • Arrangement: Kalenderen for vintersesongen er tettpakka med aktivitetar for unge og vaksne. Sjå alle arrangementa.

Våre løyper i Voss Resort

Voss Resort har eit variert vintertilbod for heile familien. Her finn du lange, flotte nedfartar, inkludert ei 3600 meter lang utforløype og ei 4200 meter lang familieløype. Me tilbyr òg 18 km preparerte langrennsløyper i familievennleg terreng, samt gode moglegheiter for randonee og topptur frå anlegget. 

Familieløypa

Familieløypa i Voss Resort er på heile 4200 meter lengde, med ei trygg og variert nedkøyring. Løypa er godt tilrettelagt for barnefamiliar, slik at både nybyrjarar og dei litt meir erfarne kan ha det kjekt saman heile vegen ned.

Utforløypa

Utforløypa i Voss Resort er av dei lengste i landet, og er 3600 meter lang og har nesten 900 fallmeter. Vår familieløype er på heile 4200 meter.

Langrennsløyper

Ynskjer du ei fin turoppleving med barna, eller berre ei treningsøkt?  Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.

Randonée/topptur

Frå skianlegget kan du nå Lønahorgi  (1410m.o.h) og har tilgang på skog, mykje bra skiterreng og skogskøyring av beste klasse. I Voss Resort tilrettelegg me óg med eigen randotrasé, laga av nokon av Noregs beste skibestigarar og i samarbeid med VossaRando.

Overnatting

Bu like ved skibakken i moderne, sjølvhushald hytter og leiligheiter. Voss Resort leiger ut hytter og leilegheiter heile året, med skianlegget som næraste nabo.

Bestill hytte

Hotell + ski

Me har sentrumsnære hotell som kan tilby eit hyggeleg og komfortabelt opphald i hjarta av sentrum i kombinasjon med framifrå skikøyring.

Finn den perfekte staden å bu med familie, vener eller med din kjære – med gangavstand til alt du treng.

Gondolbana fraktar deg nærmast frå hotelldøra og rett til skibakken og fjellet. Turen til toppen tar under ni minutter. Ved bestilling av skipakke kan du ta gondolen så mange gonger du ønsker i løpet av ein dag.

Matoppleving på fjellet!

I Voss Resort finn du eit variert restauranttilbod som kombinerer lokale smakar med internasjonale opplevingar:

  • Gamle Hangur – Ekte gresk mat frå Taste of Greece
  • Hangurstoppen Restaurant – Panoramautsikt og kulinariske høgdepunkt for lokale, skigjester og turselskap – heile året!
  • Storastovo – Grillklassikarar i trivelege omgjevnader
  • Varmestova – Varm kakao eller kaffi, ferske bollar, panini og andre enkle kioskvarer. Ope på kveldskøyring.

Voss Resort + Voss sentrum

Voss er ei sjarmerande bygd, med ein lang og sterk skihistorie. Dette er ikkje alpane, men vil likevel trigge følelser hjå ein kvass skikøyrar som sett pris på det «ekte».

Voss er akkurat passe stort. Du finn alt du treng i gåavstand. Midt i sentrum ligg gondolen, som tek deg rett opp i fjellet. Berre 10 minutt frå du drikk opp kaffekoppen kan du stå på Hangurstoppen. Det er noko med denne «Aiguille du midi-følelsen», som inspirerar.

På Voss finn du eit stort utval av:

  • Shopping
  • Café
  • Inspirasjon
  • Kultur (konserter, festival og kino)
  • Bar/pub
  • Matopplevingar
  • Aktivitetstilbod (bowling, leikeland, svømmebasseng, buldresenter)
  • Idrettsanlegg
  • Treningssenter