Overnatting i Voss Resort – din fjellbase på Voss
I Voss Resort får du moderne hytter og leilegheiter med spektakulær utsikt over Vossafjella – perfekt plassert for både avslapping og aktivitetar. Her bur du berre nokre hundre meter frå skianlegget, med kort veg til både natur og sentrum.


Vel mellom sjarmerande hytter tett på naturen eller komfortable einingar med ski-in/ski-out. Alle einingar er godt utstyrte for sjølvhushald, og mange har vedomn, badstove, kabel-TV, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Storleiken varierer frå intime hytter med to soverom til romslege einingar med plass til opptil 11 personar.
Voss Resort tilbyr også rundt 100 leilegheiter i ein sal-og-tilbakeleige-modell – eit attraktivt alternativ for deg som vil kombinere investering med fleksibel bruk.
Hotell
Me har sentrumsnære hotell som kan tilby eit hyggeleg og komfortabelt opphald i hjarta av sentrum. Finn den perfekte staden å bu med familie, vener eller med din kjære – med gangavstand til alt du treng.


Fleischer’s Hotel
Historiske Fleischer’s Hotel ligg sentralt til ved trafikknutepunktet Voss Stasjon, med nydelig utsikt over Vangsvatnet og fjella rundt. Norges eldste skihotell er eit hotell i særklasse.
Bygningen i sveitserstil rommer alt du treng for eit enestående opphold på Voss. To restauranter, bar med alle rettigheter, Voss største terrasse og svømmeavdeling i kjelleren.
Scandic Voss
Med fantastiske friluftsmuligheiter sommar som vinter, og med kort veg til Bergen, er Scandic Voss ein ideell destinasjon for både forretnings- og fritidsreisande.
Scandic Voss har 215 rom, Haik Grill & Bar med uteservering samt flotte og fleksible møtefasilitetar. Med sin sentrale beliggenheit rett ved jernbanestasjonen er Scandic Voss en naturlig møteplass for både lokalbefolkning og turister.




Park Hotel Vossevangen
Hotellet ligg vakkert til ved Vangsvatnet i Voss Sentrum, med storslagen utsikt til naturen ikring. Hotellet har 122 rom og eit rikt og fleksibelt tilbod til kurs og konferansedeltakarar. Hjå oss finner du den nødvendige ro og fred for gjennomføring av arrangementet ditt.
Vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen – verdas beste vinkjellar
Park Hotel Vossevangen har ein vinkjellar i verdsklasse, med over 20 000 flasker fordelt på nærare 7 000 etikettar – inkludert eit imponerande utval av eldre årgangar frå heile verda.
Gjestene kan førehandsbestille frå heile samlinga, og hotellet tilbyr også omvising i vinkjellaren for dei som vil oppleva historia og lidenskapen bak kvar flaske.
Voss sentrum
Voss er ei sjarmerande bygd, med ein lang og sterk skihistorie. Dette er ikkje alpane, men vil likevel trigge følelser hjå ein kvass skikøyrar som sett pris på det «ekte».
På Voss finn alt du treng i gåavstand. Midt i sentrum ligg gondolen, som tek deg rett opp i fjellet. Berre 10 minutt frå du drikk opp kaffekoppen kan du stå på Hangurstoppen. Det er noko med denne «Aiguille du midi-følelsen», som inspirerar.




