Opplev Voss Resort med halv pris på dagskort og kveldskort, og 30% rabatt på overnatting.
Du som har Studentkalenderen får eit ekstra godt studenttilbod i Voss Resort i utvalde periodar:
- 50% rabatt på dagskort og kveldskort
- 30% rabatt på overnatting
Bruk promokoden student27 når du bestiller på nett.
Kjøp dagskort Kjøp kveldskort Bestill overnatting
Kva periodar gjeld tilbodet?
- Sesongstart – 25. desember
- 4. – 31. januar
- 8. – 19. mars
- 30. mars – sesongslutt
Gyldig studentbevis eller lærlingkontrakt må kunne visast ved kontroll.
Gode studenttilbod i Voss Resort
Som student får du meir skiglede for pengane i Voss Resort. Du får blant anna skikort med opptil 40 % rabatt, gunstige prisar på sesongkort og rabatt på skiutleige.


Voss Resort – Vestlandets største skianlegg
Med 40 km med løyper, 24 ulike nedfartar og 10 heiser og trekk er det alltid ei ny linje å finna – anten du vil nyta våre flotte løyper eller teste farten i storslalom og SuperG.


















Gondol
Gondolen startar på Voss Stasjon og er inkludert i alle skikort. Gondolen har ni kabiner og går kontinuerleg, så her er det kort ventetid.
Kveldskøyring
Vårt kveldskøyringstilbod er eit av dei beste i Europa, med over 11 km lyssatte løyper i alle vanskegrader, frå grøn til svart.
Kveldskøyring gjev deg fleksibilitet i kvardagen, perfekt for deg som vil få mest mogleg ut av opphaldet.
Mat og drikke
Voss Resort har fire restaurantar og kafear med sesongbaserte menyar og ulike matkonsept. Her kan du nyta god lokal mat med utsikt mot fjella og enkel tilgang til skiløyper.
Hangur Fridays og afterski
Kvar fredag gjennom heile vintersesongen har me Hangur Fridays, kor du kan få ei god avslutning på arbeidsveko og ein kick-start på helga!
På laurdagar vintersesongen inviterer me til afterski, med topp stemning på Hangurstoppen Restaurant og i SkiBarBula på Bavallstunet.
Slik kjem du deg til Voss
Det er enkelt å reisa til Voss både med bil, buss og tog frå Bergen og Oslo. Voss ligg langs Bergensbanen, berre 99 km frå Bergen og tett på Voss sentrum. Skianlegget har to velkomstsenter: eitt ved gondolbana i Voss sentrum og eitt i Bavallen, ca. 5 km frå sentrum.









