Ski- og oppbevaringsskap i Voss Resort

Me har ski- og oppbevaringsskap for både dagleige, samt langtidsleige. Skapa finn du på Hangurstoppen og på Scandic Hotel. 

På Hangurstoppen har me om lag 60 oppbevaringsskap og 10 skiskap du kan leige.

Du kan velja mellom to ulike skap:

  • oppbevaringsskap har plass til ein sekk, sko og verdisaker (kjøpes på Hangurstoppen). 
  • singel skiskap har plass til to par ski, skistøvlar og hjelm. På grunn av begrensa antal singel skiskap på korttidsleige Hangurstoppen oppmoder me om å førehandstinge desse på skishop@vossresort.no. Kom innom Skishop på Hangurstoppen for betaling og administrering. 

Du må ha keycard for å bestille skiskap. Keycardet bruker du til å opne og låse skapet. Mangler du keycard kan du kjøpe nytt skishopen på Hangurstoppen.

Prisar kortidsleige

Oppbevaringsskap
1 dag: 140 kr
2 dager: 220 kr
3 dager: 300 kr
4 dager: 370 kr
5 dager: 420 kr

Skiskap (plass til 2 par ski)
1 dag: 250 kr
2 dager: 450 kr
3 dager: 590 kr
4 dager: 660 kr
5 dager: 730 kr

Periode

Langtidsleiga gjeld frå 1. november til 31. oktober. Me har kun ledige singel skiskap igjen på Scandic Hotel. Dersom du ynskjer skap på Hangurstoppen eller familieskap på Scandic kan vi sette deg på venteliste. Ta kontakt med post@vossresort.no

Bestill langtidsleige av skiskap

Prisar langtidsleige Scandic Hotel
Singelskap (plass til 2 par ski, sko og hjelm): 2750,- 
Familieskap (plass til 4 par ski, sko og hjelm): 3520,-

Om skiskapa

Alle skiskapa for sesongleige har innebygde skotørkarar i skapet. Det vert automatisk slått på varme på skiskapa på ettermiddagen til over natta, slik at utstyret er tørt og klart til neste dag. Voss Resort har skiskap for sesongleige i underetasjen tilknytt Scandic Hotel på gateplan (sjå bilete). Lokalet ligg 90 meter i gåavstand, til høgre mot bussterminalen frå hovudinngangen til Voss Gondol. Skapa er tilsvarande skapa på Hangurstoppen, med same bruk av skikortet som nøkkel til skapet ditt og inngangsdøra.

Gjesteservice i Voss Resort ved hovudinngangen til gondolen har ansvar for den daglege drifta av skiskapa på Scandic. Skiskulen hjelper til med alle praktiske spørsmål knytt til oppbevaringsskapa på Hangurstoppen. Skiskulen fylgjer skianlegget sine opningstider frå sesongstart. 

bildete av inngangen til underetasjen av Scandic Hotel

Slik brukar du skiskapa

  • Fyrste gong du skal bruke skiskapet, må du ta med keycardet ditt og konfigurere skapet manuelt. Keycardet gir deg tilgang både til skiskapet og til rommet der skiskapa står.
  • Kvart skiskap har ein unik kode som blir kopla til ditt keycard. Du får berre opna ditt eige skap.
  • Du kan knytte opp til fire keycard til same skap. Leigeavtalen gjeld berre for deg som har leigd skapet og dei fire keykorta. Du kan ikkje leige ut skapet vidare.
  • Mistar du keycardet, må du kjøpe nytt og konfigurere det på nytt.

Her finn du skiskapa

Hangurstoppen: Skishopen på Hangurstoppen i åpningstida.
Scandic Hotel/Voss Gondol: Gjesteservice i gondolbygget.

Spørsmål om skiskap

Har du generelle spørsmål omkring skiskapa, ta kontakt med Voss Resort.