Kampanjesal på sesongkort og årskort
Årets kampanjesal er avslutta
Kampanjesalet på sesongkort og årskort i Voss Resort er avslutta, men du kan framleis kjøpe kort til vinteren. Med sesongkort eller årskort er du klar for ein vinter fylt med skiglede, kveldskøyring og ubegrensa tilgang til fjellet.
Sjå noko av det som venter deg i vinter!


Ny funslope
Gled deg til ein heilt ny Funslope frå Hangurstoppen.


Tråstølsløypa får eit løft
Jamnare trasé og meir komfortabel skioppleving.


Meir tilgjengeleg Alphaparken
Betre tilkomst gjer parken meir tilgjengeleg for alle nivå.


Meistring i Badnakrokjen
Oppgradering med fleire nye element og linjer
Årets beste prisar på sesongkort og årskort!
Årskort — gyldig 12 månader
- Voksen:
8 990,–7 940,– - Barn 7–19 / Senior 65+:
6 250,–5 600,– - Familie: (opp til to voksne + fem barn 7-19):
8790,– / 2 650,–7 740,– / 2 510,– per person





Sesongkort — gyldig i vintersesong
- Voksen:
7 940,–6 940,– - Barn 7–19 / Senior 65+:
5 540,–4 940,– - Familie: (opp til to voksne + fem barn 7-19):
7 740,– / 2 560,–6 940,– / 2 390,– per person
Sesongkort midtveke
- Voksen:
4 550,–3 990,– - Barn 7–19 / Senior 65+:
3 290,–2 690,–




Årskort gondol
- Voksen:
2 980,–2 530,– - Barn 7–19 / Senior 65+:
2 290,–2 090,– - Familie: (opp til to voksne + fem barn 7-19):
2 720,– / 870,–2 320,– / 800,– per person
Kva kort passar for deg?
Årskort
Opplev fjellet året rundt med årskort i Voss Resort. Med fri tilgang til skianlegget om vinteren og Voss Gondol heile året ligg alt til rette for aktive dagar i fjellet, uansett sesong. Nyt skikøyring, kveldskøyring, turar, langrenn, gode matopplevingar på Hangurstoppen og enkel tilgang til flotte naturopplevingar på Hanguren.
Med årskort eller familieårskort får du maksimal fleksibilitet og uendeleg mange moglegheiter til å skape gode opplevingar, anten på eiga hand, med vener eller saman med familien. Familiekortet gjeld for opptil to vaksne og fem barn under 20 år som bur på same adresse.
Dette får du med årskortet:
- Fri bruk av gondolen i opningstida gjennom heile året
- Kjøp seinast 1. oktober og få to ekstra skidagar i Myrkdalen inkludert
- Uavgrensa tilgang til skianlegget heile vintersesongen
- Kveldskøyring tysdag, torsdag og fredag
- Enkel tilgang til ski-, tur- og langrennsområde året rundt
- Lynrask veg til Hanguren, PG-starten og flotte naturopplevingar
- Tilgang til aktivitetar og arrangement i Voss Resort gjennom alle sesongar
- Eksklusive fordeler, inkludert 5 dagars skikøyring i Grandvalira (Andorra) og LAAX (Sveits) i vintersesongen. Les meir om våre kortfordelar.
Sesongkort
Køyr så mykje du vil heile vinteren. Med sesongkort i Voss Resort får du uavgrensa tilgang til skianlegget, gondolen, kveldskøyring og eit mangfald av vinteraktivitetar. Vel familiesesongkort og gi heile familien ein vinter fylt med skiglede, naturopplevingar og minner for livet. Familiekortet gjeld for opptil to vaksne og fem barn under 20 år som bur på same adresse.
Dette får du med sesongkortet:
- Uavgrensa tilgang til skianlegget heile skisesongen
- Kjøp seinast 1. oktober og få to ekstra skidagar i Myrkdalen inkludert
- Fri bruk av gondolen gjennom vintersesongen
- Kveldskøyring tysdag, torsdag og fredag
- Enkel og rask tilgang til ski- og langrennsløyper
- Tilgang til Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout og afterski
- Fleire aktivitetar og opplevingar i Voss Resort gjennom vinteren
- Eksklusive fordelar, inkludert 5 dagars skikøyring i Grandvalira (Andorra) og LAAX (Sveits). Les meir om våre kortfordelar.
Midtveke
Ideelt for deg som ynskjer mindre kø, mindre stress og sjansen til å oppleva fjellet midt i veka på eige vis.
- Uavgrensa tilgang til skianlegget og gondolen mandag til fredag kveld i skisesongen
- Kveldskøyring tysdag, torsdag og fredag
- Enkel tilgang til ski-, tur- og langrennsområde i vintersesongen
- Lynrask veg til Hanguren, PG-starten og flotte naturopplevingar
- Tilgang til aktivitetar og arrangement i Voss Resort gjennom vinteren
- Eksklusive fordeler, inkludert 5 dagars skikøyring i Grandvalira (Andorra) og LAAX (Sveits) i vintersesongen. Les meir om våre kortfordelar.
Årskort gondol
Fjellet året rundt med eitt og same kort. Med årskort gondol får du ubegrensa tilgang til gondolen i opningstida gjennom heile året. Utforsk Hanguren når du vil, nyt gode måltid på Hangurstoppen Restaurant, besøk Hanguren Hangout, ta del i arrangement og aktivitetar, eller bruk gondolen som den raskaste vegen til turar, langrennsløyper og PG-starten.
Årskortet passar like godt for den aktive fjellentusiasten som for familiar som ønskjer enkel tilgang til naturopplevingar gjennom alle sesongar.
Sesongkort gondol
Den enklaste vegen til vinterens fjellopplevingar. Med sesongkort gondol får du fri bruk av gondolen gjennom vintersesongen og enkel tilgang til langrennsløyper, vinteraktivitetar og flotte opplevingar på Hanguren. Nyt utsikta frå toppen, ta turen innom Hangurstoppen Restaurant, Hanguren Hangout eller afterski, og få mest mogleg ut av vinteren utan å tenkje på enkeltbillettar.
Sesongkort for studenter
Me har eit eige sesongkort for studenter til kun 3190 kr. Med sesongkortet år du uavgrensa tilgang til skianlegget, gondolen og kveldskøyring. Som student får du også rabatt på dagskort (vaksenpris) og årskort. I tillegg får du rabatt på skiutleige.
- Kortet er ikkje inkludert to dager i Myrkdalen, sjølv om det vert tinga i kampanjeperioden.
- Gjeld for fulltidsstudentar på høgskule-, fagskule eller universitet (ikkje folkehøgskule). Studentbevis, gyldig bevis for betalt semesteravgift må framvisast ved kjøp.
Sesongkort til både Voss Resort og Myrkdalen
Vossakortet gjeld for både Myrkdalen og Voss Resort i vintersesongen. Prisen er 9250 kr , same for alle. Skikortet gjeld som eit vanleg sesongkort med alle dei same fordelane, men med tilgong til begge skianlegga. Kortet får du kjøpt frå 15. september. Det er begrensa antal kort, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld!
4. klassekort frå Voss Resort
4. klassekortet er eit gratis årskort til alle fjerdeklassingar med bustadadresse i Vestland fylke.
- Kortet gjev tilgang til heile skianlegget i vintersesong, samt gondolen heile året.
- Kortet er ikkje inkludert to dager i Myrkdalen, sjølv om det vert tinga i kampanjeperioden.
- Alle barn frå 0-6 år skrir gratis i skianlegget, samt leige hjelm gratis. Hugs å ta med keycard.
Parkering i Voss Resort – område og prisar


Me tilbyr timeparkering, sesongparkering og eigne område for drop-off, i tillegg til nokre gratis parkeringsplassar i nærleiken av skianlegget.
Sesongkort parkering
I vintersesongen kan du kjøpe sesongparkeringskort for 990 kr, som gjeld i skianleggets opningstider gjennom heile skisesongen, så lenge det er ledig kapasitet.
Kortet er ikkje eit løpande abonnement, og må kjøpast på nytt før kvar sesong. Her finn du oppdaterte prisar, informasjon om låg- og høgsesong, og oversikt over dei ulike parkeringsalternativa.
Spørsmål og svar
Eksklusiv fordel med sesongkort og årskort
Med sesongkort eller årskort i Voss Resort får du inntil fem skidagar i både Grandvalira (Andorra) og LAAX (Sveits) inkludert i vintersesongen. Tilbodet gjeld ikkje gondolkort.
Grandvalira i Andorra
Mellom dei høge fjella til Pyreneum ligg Andorra og Grandvalira Resorts. Grandvalira i Andorra byr på over 200 løyper, moderne heisanlegg og skikøyring for alle nivå. Det er ein komplett ski-opplevelse med tre samankobla skiområde, varierande terreng og miljø som få andre plassar kan matcha. Med mange soldagar og eit stort skiområde er dette ein av dei mest populære vinterdestinasjonane i Pyreneane.
Sesongfordelar
- Fem dagar gratis
- Gjeld heile vintersesongen
LAAX i Sveits
LAAX er ein av dei mest kjende skidestinasjonane i Alpane. Med fem spesialbygde snowparker og ein av verdens største kabelbaner for freestylebrettingane, er dette mekka for alle som vil teste seg sjøl på snø. Enten du er erfaren eller berre nysgjerrig på freestyle-aktivitetar, finn du kjøring på ditt nivå her.
Sesongfordelar
- Fem dagar gratis
- Gyldig frå måndag til fredag
- Tilbodet gjeld gjennom heile vintersesongen, men ikkje i perioden 22. desember 2026 til 5. januar 2027
- Gjeld ved overnatting på Rocksresort, Signina Hotel eller Riders Hotel
Slik brukar du fordelen
Dersom du ønskjer å nytta deg av denne fordelen, må du kontakta oss skriftleg via e-post til post@vossresort.no med opplysningar om reisedestinasjon og tidspunkt. Du vil då motta eit signert skjema som skal visast fram ved skisenteret for utlevering av skikortet.














Vossakortet
Vossakortet er eit sesongkort til både Voss Resort og Myrkdalen. Prisen er fast 9250 kr for alle, utan eigne student- eller familierabattar.
Med Vossakortet har du fri tilgang til både Voss Resort og Myrkdalen gjennom heile vintersesongen. Kortet gjeld som eit vanleg sesongkort med alle dei same fordelane, men med tilgong til to skianlegg.
Kortet gjeld i vintersesongen og kan ikkje nyttast til sommaraktivitetar.




Vestlandets største skianlegg
24 nedfartar, internasjonale konkurranseløyper og spektakulær kveldskøyring gir opplevingar for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar.
Den sentrale plasseringa ved togstasjonen gjer Voss Resort til eitt av dei mest tilgjengelege skianlegga i landet, med enkel og miljøvennleg transport til fjells.

















