Sommarfest på Hangurstoppen

Hendinga er allereie over

Ta med gode kollegaer til ein kjekk ettermiddag og kveld på Hangurstoppen!

Gondolen tek dykk enkelt opp til Hangurstoppen Restaurant. Der ventar god mat, fin utsikt og musikk som set stemninga frå start til slutt. Sommarfesten passar for bedrifter som ynskjer ei sosial samling før ferien. Her kan ein samla kollegaer på tvers av avdelingar eller berre nyta ein kveld utanfor kontoret.

Grillfest med gode smakar

På sommarfesten serverer me eit smakfullt utval av pølse, saftig svinefilet, mør lammemørbrad og spareribs, saman med tzatziki, coleslaw og tomatsalat. Grilltallerken vert servert frå kl. 15:00 til 21:30.

Me har også bestilt DJ som speler frå kl. 17:00 til 22:00, så det er lagt opp til ein fullverdig kveld med god stemning heile vegen. Siste gondol ned er 22:30.

Pris

645 kr per person

Inkludert i prisen er:

  • Grilltallerken
  • Gondol tur/retur

Drikke ordnar du sjølv i baren.

Frist for påmelding

Bestill innan 18. juni.