Reise til Voss Resort

Voss Resort ligg midt i hjarta av Fjord Noreg, berre 99 km frå Bergen og tett på Voss sentrum. Skianlegget har to velkomstsenter: eitt ved gondolbana i Voss sentrum og eitt i Bavallen, ca. 5 km frå sentrum. Hyttene våre ligg òg i Bavallen.

Voss Resort – nærmare enn du trur

Det er enkelt å reisa til Voss både med bil, buss og tog frå Bergen og Oslo. Bergen lufthamn, Flesland, er den næraste flyplassen – berre 1,5 time frå Voss Resort og tilbyr gode innanlands- og utanlandsruter.

Reis grønt med gondolbana
Den nedre stasjonen til gondol ligg på Voss Jernbanestasjon, der buss, tog og taxi møtest. Herifrå kjem du deg rett til fjells på ein miljøvennleg og enkel måte. Reisetida frå Bergen er ca. 1,5 time frå du går om bord på toget, til du står på Hanguren klar for opplevingar både sommar og vinter.

Buss
Det er fleire regionale- og ekspressbussar som køyrer til Voss. 

Taxi
Taxi på Voss kan bestillast ved å ringe +47 56 51 13 40


Parkering

Bavallen

Innføring av parkeringsavgift i Bavallen.
I likheit med mange andre skianlegg vil Voss Resort frå sesongen 25/26 innføre betalingsparkering i Bavallen.

Derfor gjer me dette
Målet er å skape betre orden på parkeringsområda, sikre god framkome for gjester og utrykningskøyretøy og oppmode til samkøyring der det er mogleg. Tiltaket skal bidra til betre oppleving for alle gjester og til ei meir berekraftig utvikling av Voss Resort. Det vil verta nokre avgiftsfrie parkeringsplassar i nærleiken av skianlegget.

Parkeringsdrifta vil bli handtert av selskapet OnePark. 

Prisar og ordning

  • Parkering opp til 1 time for drop-of: gratis
  • Timespris: 15-25 kr (lav-/høgsesong)
  • Makspris: 75-125 kr/dag (lav-/høgsesong)

Du kan også nytte gondolen som inngang til skianlegget.

Sentrum

Skal du ta gondolbana og kjem med bil kan du nytta ein av dei 1300 parkeringsplassane i Voss sentrum. Her finn du både kort- og langtidsparkering, innandørs og utandørs. For meir informasjon om parkering på Voss, sjå Voss Parkering sine nettsider. 

Ta toget til Voss

Voss har fleire daglege avganger og ankomster til og frå Bergen og Oslo. Gondolen er lokalisert rett ved siden av Voss Jernbanestasjon. Prisar, rutetabellar og bestilling av billettar på www.vy.no.

Tid til og frå Voss: 

  • Bergen: Ca. 1 time og 15 minutt.
  • Oslo: Ca. 6 timar
  • Flåm: Ca 1 time og 45 minutt

Kjem du med tog og skal på ski, så kan du gå rett i gondolen når du kjem til Voss Stasjon. Alle våre skikort inkluderer gondolbillett. Gondolbanen frakter deg til Hangurstoppen (der Ekspressheisen kjem opp) på mindre enn 10 minutt. Du kan med andre ord reisa grønt og enkelt heilt frå bykjerna i Bergen eller Oslo, heile vegen opp til Hangurstoppen!