Gondol frå sentrum til fjell – panoramautsikt, turar og mat på sitt beste
Med gondol kjem du enkelt frå sentrum til Hangurstoppen på under ti minutt. På toppen får du spektakulær utsikt, flotte naturopplevingar, god mat og ei rekke aktivitetar, uansett sesong.
Open kvar dag
Gondolen er open kvar dag frå klokka 09.30, og går kontinuerleg slik at ventetida er minimal.
Kjøp gondolbillett
Billettane våre kan du enkelt kjøpe på nett. Der får du også best pris. Det sparar deg for tid og gjer at du slepp kø ved billettluka. Har du kjøpt tur/retur eller einvegsbillett på førehand, kan du gå rett til gondolen.




Kjøp sommarsesongkort – frå 1570 kr
Opplev sommaren frå toppen med sommarsesongkort til gondolen. Gyldig i gondolens opningstider frå 1. mai til 18. oktober.
Våre gondolbilletter
Gondolbillettane våre kan du kjøpe på nett, og på våre billettautomatar på nedre og øvre stasjon. Best pris får du på nett.
Billetten gir tilgang til gondolen éin veg på den datoen du vel. Gyldig i gondolens opningstid.
Billetten gir tilgang til gondolen tur/retur på den datoen du vel. Gyldig i gondolens opningstid.
Med dagbillett får du ubegrensa gondolturar i løpet av éin kalenderdag. Billetten er gyldig i gondolens opningstid på datoen du vel, og passar perfekt for deg som vil få mest mogleg ut av dagen på fjellet.
Keycard
Til 1 dagsbillett treng du keycard til 80 kr. Har du keycard frå før, kan du bruke det på nytt.
Med 3-dagarsbillett får du ubegrensa gondolturar over tre samanhengande kalenderdagar. Billetten er gyldig i gondolens opningstider frå startdatoen du vel, og gir deg fleksibilitet til å utforske meir over fleire dagar.
Keycard
Til 3 dagarsbillett treng du keycard til 80 kr. Du kan gjenbruke keycard dersom du allereie har eit.
Brukar du gondolen ofte, løner det seg å velje sesongkort. Med sesongkort får du enkel tilgang til fjellet gjennom heile sommarsesongen, perfekt for deg som vil nytte fine dagar til turar, aktivitetar og gode opplevingar.
Keycard
Til sesongkort treng du keycard. Det kostar 80 kr, men kan gjenbrukast dersom du har eit frå før.
Brukar du gondolen heile året, løner det seg å velje årskort. Med årskort får du endå meir fleksibilitet. Då har du tilgang til gondolbana i gondolens opningstider gjennom heile året, uansett sesong. Det gir deg høve til å oppleve fjellet både sommar og vinter, så ofte du vil.
Keycard
Til årskort treng du keycard. Det kostar 80 kr, men kan gjenbrukast dersom du har eit frå før.
Ein gondol – eit mangfald av moglegheiter for aktivitetar
Ein tur med gondolen er mykje meir enn kun ein gondoltur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar.


Matoppleving 818 meter over havet
Hangurstoppen Restaurant, i hjartet av Voss Resort, har store vindaugsflater og eit flott uteområde som gjer at naturen blir ein del av måltidet og verkeleg gir deg følelsen av at du er på høgfjellet.
Menyen vår er smakfull og full av favorittar: ferske salatar, steinbakt bruschetta, kremete pasta, kraftige gryter, saftige burgarar, fisk- og kjøtrettar, og steinomnsbakte pizza.




Grønn reiseveg
Det er enkelt å reisa til Voss med både bil, buss og tog, både frå Bergen eller Oslo. Den nedre gondolstasjonen ligg rett ved Voss stasjon, der buss, tog og taxi møtast. Dette gjer det svært enkelt for reisande å komma seg vidare til fjells på ein miljøvennleg måte. Reiser du frå Bergen stasjon, tek det om lag 1,5 time frå du går om bord på toget til du står på Hangurstoppen.










