Webkamera og føremelding Voss Resort

Webkamera frå Voss Resort

Me har fleire webkamera plassert rundt i anlegget sånn at du får eit godt inblikk i korleis forholda er og kor mykje trafikk det er i anlegget. Kamerane sender direkte 24/7.

Du kan óg sjå vår Youtube-kanal, og om du verkeleg vil, så kan du få inn kanalen på Altibox, RiksTV, Telia eller AppleTV.

Siste vêr og føremelding

Lurer du på om me har fine forhold, eller korleis ståa er i anlegget? Her får du all informasjonen du treng.

Dagens forhold
For det meste sol 4°C

For det meste sol

Kjempebra forhold!
Vind: 1 m/s (Flau vind)
Snø siste døgnet: 0 cm
Snødjupn, løyper: 0 cm
Snødjupn, terreng: 0 cm
Vêr- og føredata er leverte av Fnugg, YR, Meteorologisk institutt og NRK
❄️ Me tel ned til vinteren! 🎿

Dagrapport 26. oktober 2026, 12:28

❄️ Me tel ned til vinteren! 🎿

Gradene kryp nedover, snøen legg seg på toppane, og driftsgjengen står på for fullt med å gjere skianlegget klart til vinteren! 💪

Det er mykje som skal på plass før sesongstart. Løyper og traséar er rydda, snøkanonar monterte, parken har fått ny inngang og Tråstølsløypa er utbetra.

Me gler oss til vinteren og ser fram til å ynskje dykk velkomne tilbake i bakken!

📅 Me planlegg sesongopning fredag 4. desember! 🎿