Kveldskøyring i Voss Resort

Vårt kveldskøyringstilbod er eit av dei beste i Europa, med over 11 km lyssatte løyper i alle vanskegrader, frå grøn til svart. Hjå oss får du ei unik skioppleving også etter at sola har gått ned. Følg med på vêr og føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heisar som er opne.

Opplev Voss Resort etter solnedgang

Med mange kilometer lyssatte løyper, i tillegg til eit spanande og leikent skiterreng tilgjengelig med hovudlykt, er det ikkje rart at ein vel å tilbringa ettermiddagane her. Kveldskøyring gjev deg fleksibilitet i kvardagen, perfekt for deg som vil få mest mogleg ut av opphaldet.

Opningstider for kveldskøyring

  • Tysdag: kl. 16 – 20 (siste kveldskøyring 31. mars)
  • Torsdag: kl. 16 – 20 (siste kveldskøyring 19. mars)
  • Fredag: kl. 16 – 21 (siste kveldskøyring 20. mars)

Med atterhald om vêr og føreforhold. Følg med på ver- og føremeldingar føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heisar som er opne.

Skikort for kveldskøyring

Du kan velja mellom eige kveldskort, eller kombinera med dag + kveldskort. Har du sesongkort, er kveldskøyring inkludert. Studentar får eigen pris på kveldskort, og born under 7 år køyrer gratis (men treng keycard).

Skiheisar og løyper

Under kveldskøyring er fleire skiheisar i drift, inkludert gondolen, Bavallsekspressen, Tråstølsekspressen, og fleire barneheisar. Løypene som er opne inkluderer blant anna Familieløypa (løype 8), Alphaløypa (løype 6), Storslalåmløypa (løype 7) og Slettafjell (løype 16).

Trollbakken (løype 4) er eit barneområde på Hangurstoppen, rett framfor Hangurstoppen Restaurant. Det er difor kort avstand til både servering og toalettfasilitetar. Trollbakken har svak helling og eit 65 meter langt skiband med takoverbygg.

Grebbesbakken (løype 12) ligg i Bavallen og er gratis. Her kan barna få både ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt ideelt for dei minste å øva seg til å bli trygge på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert òg brukt av vaksne nybyrjarar som ønskjer ein forsiktig start.

Kombiner kveldskøyring med god mat

Kvar tysdag og torsdag kan du under kveldskøyring bestille mat frå menyen på Hangurstoppen Restaurant. Her får du alt frå enkle smårettar til varme måltid. På fredagar kan du bestille frå vår barmeny. Sjå menyen.

På Slettfjellet finn du Storastovo, ein plass kor du får saftig burger, rykande varm pølse eller ein smakfull gresk gyros.

I tillegg er Varmestovo ope, som tilbyr ferske bollar, ferdigsmurde smørbrød, kakao, kaffi og andre forfriskingar.
.

Togtilbod Voss-Bergen

Ta kveldstoget frå Voss klokka 21:08 til Bergen, måndag til laurdag. Det passar perfekt med kveldskøyring på Voss, som gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort. Du kan velje å stå på ski heile dagen eller berre ta deg ei kveldsøkt i dei flotte løypene våre.

Når du er ferdig, er det berre å slenge seg på toget og lena seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!