Til fjells på langrenn- og randonéski

På Voss og i Voss Resort finn ein mange mogelegheiter for langrennsturar, samt randonéturar.

Langrenn:

Om du tek turen for ei god oppleving saman med borna dine, eller berre ynskjer ei treningsøkt, så har Voss Resort langrennsløyper som passar for deg. Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.

Voss Gondol og ekspressheisen i Bavallen tek deg opp til starten av løypenettet. Du finn prisar for heiskort her. Ynskjer du ei ekstra utfordring er det mogleg å gå heilt frå Raugstad eller parkeringa i Bavallen. Då får du sveitta skikkeleg.

Via kartet under (frå loyper.net) kan du halda deg løpande oppdatert om når løypene sist vart preparert, og elles få nærare informasjon om løypene.

 

Voss ski- og tursenter

Ynskjer du litt variasjon kan me anbefale ein tur til Voss ski- og tursenter i Herresåsen. Her finn du over 25 kilometer med fine langrennsløyper for heile familien. Det er omlag 15 minutt køyring frå Bavallen til parkeringsplassen i Herresåsen.

 

Flott utsikt frå langrennsporet på Hanguren. Foto: Per Finne

 

Randoné:

I samarbeid med VossaRando er det merka randotrase frå brua i Familieløypa (rett ovenfor Alphaløypa) og til Hangurstoppen. 
Løypa går utanfor nedfarten og er på ca. 5 km. Følg brøytestikkene som er merka med refleks om det skulle bli mørkt.

Me minner om at det kan koma skikøyrarar i stor fart i nedfartar, så hald dykk godt ut i sida. 
Me har kveldskøyring tre dager i veka og i tillegg vert løypene trakka i mørkre, så ta hensyn til dette og bruk lykt. 

Sjå løypa på Strava her. 


God tur! 

Undermeny

Kjøp heiskort her