Konfirmasjonsfeiring i Voss Resort

Me har flotte lokale til konfirmasjonsfeiring i Voss Resort. Hjå oss kan du velja mellom Hangurstoppen Restaurant og Bavallstunet. Våre lokale passar til alle typer konfirmasjonar, store som små.

Konfirmasjonsfeiring på Hangurstoppen Restaurant

Hangurstoppen Restaurant ligg vakkert til 818 m.o.h. og ein nyttar Voss Gondol for å ta seg hit. Her serverer me lokal og kortreist mat. 

Restauranten er Voss sin største, med sitteplassar til 400 personar. Me har moglegheit for å dele inn lokale på fleire måtar, slik at ein finn noko som passer for ditt selskap. Her har ein nydeleg panoramautsikt over fjella og uteområde som kan nyttast på fine dagar.

Rundt Hangurstoppen Restaurant finn ein utallige lokasjonar for å ta konfirmasjonsbilete. Kva med eit bilete av konfirmanten på Hangurshusko?

Ta kontakt for booking eller meir informasjon

Konfirmasjon i Bavallstunet

Det er enkel adkomst til Bavallstunet og her er flotte uteområde med terrasse og utsikt over Vossabygda. Me har bar med alle rettigheiter, og tilbyr utleige av lokale og evtentuelt serveringspersonale. Ta kontakt med oss, så sender me dykk eit tilbod.

Spisesalen i Bavallstunet har sitjeplassar til om lag 65 personar. I tillegg har me ein salong med sitjeplassar til 25 personar. Me kan dekke både langbord og småbord – alt etter kva du måtte ynskje.

Ta kontakt for booking eller meir informasjon